Niande strake sigeren

Lagt ut av Førde IL - Handball den 28. Jan 2024

H4 Førde-BSI 2 34-27 (19-10): Søndag spelte herrelaget sin kamp nummer ni i fjerde divisjon, og det enda med topoengar nummer ni. Det meste  var avgjort til pause, då vi leia med ni mål. Andre omgang var ikkje så bra, BSI 2 vann faktisk den med to mål. Men poeng vart det, og vi står med 18 poeng på ni kampar, Dale har 16 poeng på 10 kampar.

Komande søndag kjem Kjøkkelvik til Førdehuset. Det laget kan vere ein litt verre motstandar enn BSI 2, Kjøkkelvik har 11 poeng på åtte kampar.

Måla til Førde: Daniel Kvidahl 9 (1 på straffe), Jakub Rycerz 8, Mathias Indrebø 6, Lars Engen Skadal 3, Robert Herstad Sund 3, Kristian Henden 2, Matheus Diaz Boge 2, Øyvind Fougli Vraalsen 1. 


Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.