Surt eittmålstap mot Fredrikstad 2
Postet av Førde IL - Handball den 29. Okt 2023
D2: Førde- Fredrikstad 2 32-33 (18-16): Førde kunne ha toppa tabellen med poeng mot Fredikstad 2, men det enda med eittmålstap etter ein berg- og dalbanekamp. Fredrikstad kom best i gang og var på det meste føre med seks mål på stillinga 8-14 etteer 20 minutt. Men då kom heimelaget sterkt, knappa stadig inn på leiinga. Og då bortelaget fekk ei utvising, utnytta Førde det maksimalt, med tre mål i tomt bur, to av dei frå målvakt Andrea Boge Solås. Dermed var det 18-16 ved pause.
Den gode trenden heldt fram første delen av andre omgang. Eter 11 minutt var vi føre med seks mål, 26-20. Men då starta problema. Alt for mange angrep enda i rot og balltap. Det førde til fleire kontringsmål for Fredrikstad. Samstundes sleit forsvaret med å stanse dei tre gode bakspelarane til bortelaget.
Fredrikstad var føre med to mål to minutt før sluttsigalet gjekk. Vilje Sande-Neset fekk redusert ein gong, og Førde hadde sjansen til eitt mål til, men skotet enda utanfor. Dermed vill jubel blant dei raudkledde Fredikstad-jentene, som laurdag venn 31-24 mot Tertnes.
På plussida for Førde noterer vi at dei to unge kantspelarane Marie Erichsen Myklebust og Amalie Haugsbø Ness gjorde ein god kamp. Kinga Lemiech kjempa godt og vart nok ein gong kåra til vår beste spelar.
Måla til Førde: Kinga Lemiech 8, Amalie Haugsbø Ness 6, Vilje Sande-Neset 5, Marie Erichsen Myklebust 4, Estelle Ahlquist Lundh 3 (2 på straffe), Annette Kaalstad 2, Alexandra Afloarei 2, Andrea Boge Solås 2.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.