Vi utklassa Årstad i andre omgang
Postet av Førde IL - Handball den 26. Mar 2023
Årstad-Førde 14-32 (7-8): Etter ein jamn førsteomgang resultatmessig losna det til dei grader i andre omgang for Førde mot Årstad. Benedicte Frøyen Bergset (biletet) gjekk i front og prikka inn ni mål.
Vi vann andre omgang 24-7 og sikra oss dermed dobbel poengfangst på turen til Bergen denne helga. No har vi 13 poeng og har klatra til åttandeplass på tabellen. Eit viktig steg mot fornya kontrakt, men sesongen er ikkje over, så det tryggaste er å plukke endå fleire poeng framover.
Måla til Førde: Benedicte Frøyen Bergset 9, Emma Gloppestad 6 (1 på straffe), Oda Vindheim 5, Kinga Lemiech 3, Tuva Tefre Kalstad 2, Alexandra Afloarei 2, Sara Dyrhol Vatne 1 og Guro Bruland Gurvin 1. Guro fekk dermed sitt første mål for 2. divisjonslaget. Gratulerer!
Trenar Øyvind Indrebø seier dette om kampen:
- Nøkkelkamp mot Årstad. Alltid litt spennande å gå inn i kamp 2 etter ein god prestasjon i går. I tillegg er Årstad eit uggent (positivt meint) lag å spele mot. Ein heilt annan måte å spele på enn for eksempel BSI. Kamputviklinga var vi eigentlig førebudde på, og snakka om på spelarmøtet i formiddag. Nemlig at dei holdt følgje, men om vi malar på, vil det betale seg.
Så vi hadde ein god pausepreik. Og i 2. omgang såg vi oss aldri tilbake. Vi har no teke eit langt steg mot å sikre ny kontrakt. Spesielt med tanke på måten gruppa fungerre saman, og derigjennom presterer. Men vi har framleis tre kampar att i sesongen, alle heime, der vi er i utfordrarposisjon. Og der treng vi all den støtta vi kan få frå «den åttande spelaren». Sjåast på kamp.
PS: takk til alle som fylgde oss på tribuna i helga. Jentene set ufatteleg pris på den støtta
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.