Fjerde strake siger til herrelaget
Postet av Førde IL - Handball den 17. Des 2022
Førde-Nore Neset 34-23 (17-10): Førde tok tilbake serieleiinga og sikra seg sin fjerde strake siger i heimedebuten i 5. divisjon. Og som i dei tre første kampane vart det veldig klar siger. Etter sjumålsleiing ved pause var det liten tvil om kvar poenga skulle hamne.
Førde opna kampen med god tenning, men dabba av etter kvart utover i første omgang. Kampen bar i store periodar preg av enkeltmannsprestasjoner, med eit glimt av supert lagspel frå begge lag i ny og ne. Førde gjekk til pause med en komfortabel 17-10 leiing.
I pausen var det konkurranse der Spenst treningssenter Førde var så hyggelige å sponse premie! I pausen bestemte karane seg for å starte kampen med eit smell, og syte for å lage god underhaldning for det fantastiske publikummet som møtte opp. Dei første sju minutta vann Førde 4-1 og auka leiinga til 21-11.
Robin Marvik Gjesdal og Øyvind Fougli Vraalsen med sponsorgåva frå Spenst.
Etter dette varierte det kva lag som scora på sjansane sine. Ein oppkvikkar for publikummet sin del var kombinasjonen frå Ole Kristian som spela opp Thomas til ein nydeleg flygar. Det mest positive i andre omgang er definitivt når herrelaget hadde tre 16-åringar på bana, nemleg Matheus, Jakob og Steffen! Dei lokale unggutta klarte seg kjempebra, og bidrog til to gode poeng for herrelaget!
Vi ynskjer å takke alle som møtte opp og heia oss fram, for det er noko vi set utruleg stor pris på! Vi må også takke Sissel Bruland Gurvin som stilte sporty opp i sekretariatet og sytte for at Live-systemet var oppe og gjekk under kampen.
Måla til Førde: Lars Engel Skadal 9 (1 på straffe), Daniel Kvidahl 8, Ole Kristian Gjerstad 5, Thomas Niiranen Hamre 4, Kristian Henden 2, Matheus Diaz Boge 2, Robin Marvik Gjesdal 2, Øyvind Fougli Vraalsen 1, Jakob Hoff 1.
Steffen Lauritsen Lundekvam i mål.
Tekst: Kristian Henden.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.