Tap mot topplag i Guro sitt come back
Postet av Førde IL - Handball den 30. Apr 2022
Førde-Åsane 16-32 (7-14): Ikkje uventa vart Åsane for sterke då dei gjesta Førdehuset laurdag. Bergenslaget kjempar med Fyllingen om opprykk til 1. divisjon, og dei to poenga var viktige for dei. For Førde var kampen på mange måtar ei oppvarming til søndagens kamp mot Viking. Det er då det verkeleg gjeld. Guro Horten Solberg (biletet) spelte sin første kamp for Førde på 10 år og viste at ho framleis har mykje å gje på handballbana. Det vart ein god del pasningsfeil og tekniske feil på heimelaget, kanskje naturleg når det skal spelast inn ein ny bakspelarrekke.
Det var aldri tvil om kor sigeren ville hamna, difor valde trenar Øyvind Fougli Vraalsen å la sentrale spelarar kvile mot slutten av kampen med tanke på morgondagens kamp mot Viking. Sandra Yndestad Engen, som har vore veldig treningsivrig, fekk vakte buret og fekk gleda av å gjere ei god redning.
Det viktigaste som skjedde laurdag sett med Førde-auge var at Hinna slo Kjøkkelvik 24-22, slik at Kjøkkelvik framleis er bak oss på tabellen. Dersom dei også taper mot Nærbø klokka 13 søndag, vil vi sikre vidare 2. divisjonsspel om vi vinn mot Viking.
Difor håpar vi at flest mogeleg tek turen til Førdhuset klokka 15 søndag for å hjelpe laget vårt.
Oda Vindheim vart kåra til beste Førde-spelaren og fekk premie (pizza på Peppes) av Arve Ekehaug frå kampsponsor og generalsponsor Sparebanken Vest. Hedda Skjelbreid Rønningen vart kåra til Åsane sin beste spelar.
Måla til Førde: Oda Vindheim 3. Amalie Haugsbø Ness 2, Martine Vindheim 2, Veslemøy Risnes Kjønås 2, Ingrid Sofie Indrebø 2, Emma Gloppestad 2, Martine Orrestad Andersen 1, Alexandra Afloarei 1, Guro Horten Solberg 1.
Toppscorar for Åsane vart Solveig Stefansdottir med ni mål.
Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.