Surt tap etter flott opphenting
Postet av Førde IL - Handball den 10. Apr 2022
Ålgård 2-Førde 27-26 (18-12): Ei fantastisk opphenting i andre omgang gjorde at Førde var så nær, så nær poeng i bortekampen mot Ålgård 2. Vi låg bak med seks mål ved pause, og det heldt fram på same måten i starten av andre omgang. På det meste leia Ålgård 22-13. Men då kom ein uhyre sterk Førde-periode med seks mål utan at Ålgård kvitterte. Og vi var likt på 25-25 og 26-26. Men eit halvt minutt før slutt scora Ålgård 2 på straffekast, og vi greidde ikkje å få ballen i nettet i dei sekunda som var att. Veldig surt etter ein så flott omgang!
Kampen starta jamnt, og Emma Gloppestad (biletet) sette inn tre mål før det var gått seks minutt. Men så måtte kaptein Oda Vindheim ut med kneskade etter sju minutt, og då fekk heimelaget etter kvart eit forsprang som auka til seks mål ved pause.
- Så gjorde vi nokon endringar i forsvar og fekk sett det og starta ei fantastisk opphenting der Martine, Emma og Andrea gjekk i front. Vi fekk straffe tre sekund før slutt, men bomma dessverre på den, og dermed blei det eit surt tap. Men ein flott 2. omgang å bygge vidare på til seinare kampar, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn.
Emma Gloppestad gjorde igjen ein kjempekamp med 11 mål, fire av dei på straffekast. Med ti mål mot Fyllingen laurdag kom ho opp i 21 mål denne helga. Ingrid Sofie Indrebø sette inn fem fulltreffarar, det same gjorde Martine Vindheim, medan Amalie Haugsbø Ness sette inn fire mål og Martine Orrestad Andersen eitt.
Martine Vindheim vart kåra til best på bana.
Førde måtte greie seg utan Maria Ullebust Oppedal denne helga. Det er fare for at vi må greie oss utan Oda Vindheim også i serieinnspurten, etter kneskaden mot Ålgård. - Vi fryktar det verste, seier mor og sportsleg leiar Oddny Sønnesyn.
Tekst: Kjell Arvid Stølen.
Foto av Emma Gloppestad: Oddny Sønnesyn.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.