To poeng på både jente- og gutelaget
Postet av Førde IL - Handball den 3. Apr 2022
Både J16 og G16 hadde heimekamp denne helga, og begge sikra seg triumfar. Medan jentene køyrde over eit svakt Jotun-lag, vart det desto meir spennande då gutane møtte Stryn søndag.
- Endeleg vann vi ein velfortent siger, seier trenar Geir Eikås. Godt forsvarsspel og ein god keeper la grunnlaget for ein velfortent siger over Stryn i Førdehuset. Etter ein noko treg start der vi låg under med fem mål, fikk Førde opp dampen og var berre eitt mål bak til pause.
Ein god pauseprat og eit heiltent Førdelag tok kjapt styringa i andre omgang og gav aldri frå seg leiinga att. Med litt meir konsentrasjon og tolmod i angrep, kunne sigeren fort blitt større.
Gutane var litt tafatte i starten av kampen og låg under 2-7, men tok seg godt opp, og var best i andre omgang. Til slutt stod det 26-23 på måltavla.
Ellers var dei ei utruleg fin ramme rundt kampen, med innløp, musikk og utdeling av premie til beste spelar på kvart av laga. I hard kamp med fleire andre på laget vart Georg kåra som beste spelar på Førde.
Takk til 16-årsjentene som løyste rolla som speaker på ein framifrå måte. La oss få fleire slike kampar og arrangement i Førdehuset, seier Eikås.
J16 vann laurdag komfortabelt 37-8 over Jotun. Oppskrifta bak sigeren var tøft og godt forsvarsspel og målvaktspel heile kampen gjennom. Etter kvart får vi og fart på kontringsspelet. Imponerende av jentene som ikkje let seg friste til å sleppe seg nedpå, men heldt i staden oppe konsentrasjonen bakover i 2 x 25 minutt sjølv om vi ledar 17-4 til pause. Samtlige utespelarar teikna seg og på scoringslista.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.