Eit heilt rått poeng mot Dale!
Postet av Førde IL - Handball den 15. Mar 2022
J16 tok tirsdag kveld imot Dale til seriekamp i Førdehuset. Sesongen så langt for vår del har vore prega av flott og gradvis utvikling, der vi stadig tar nye steg. Resultatmessig har det vore litt stang ut. Vi har spelt fleire jevne kampar, der vi ikkje heilt har klart å bikka kampane i vår favør, med unntak av ein sterk siger mot Florø 2. Tendensen har vore at vi ikkje har vore heilt påskrudd mot jevngod motstand, mens vi har spelt mykje betre mot antatt sterkare lag.
Dale, som truleg er seriens beste lag og som og har spelt Bring-kvalik, hadde vi først og fremst ein målsetning om å spele ein så god kamp som mogleg mot. Vi stilte med fullt mannskap. Vi var klar over at Dale kom med sitt vanlige 3-2-1 forsvar og hadde fokus på før kamp korleis vi ut frå dette kunne løyse det etablerte angrepsspelet best mogleg.
Vi er heilt med og tar føringa frå start. Samspelet fungerar utruleg bra både framover og bakover og vi treff på det meste av skot og sjansar framover på bana. Samtidig jobbar vi som heltar bakover, får flytta beina og skyvd etter heile tida slik at vi tvingar Dale til å spele nokre lengre angrep og hindrar dei å komme til gode sjansar. Vi går til pause med 15-11 ledelse etter ein forrykande omgang.
I pausen hadde vi fokus på å holde konsentrasjonen og det gode spelet oppe. Vi startar dei første minutta heilt greit og på eit punkt er vi foran med 5 mål, på 17-12. Etter dette aukar Dale aggressiviteten i forsvarsspelet sitt og et seg dessverre sakte, men sikkert inn i kampen. I denne perioden dett vi litt for mykje nedpå bakover og slepp til både skudd utanfrå og frå linja. Frå rundt det 10. minutt av 2. omgang er det heilt jevnt og laga følgjer kvarandre som skyggar.
Etter 15 minutt er Dale oppe i ledelsen for første gong. Ein skulle tru at dette kunne velta lasset og trua på at dette kunne gå, men ikkje med denne gjengen denne tirsdags kvelden! Vi tar umiddelbart tilbake ledelsen. Kampens siste 10 minutt ber preg av at begge lag missar på sjansane sine i angrep. Vi ledar 25-24 når vi etter 23 minutt får ein 2 minutter utvisning med under 2 minutt igjen å spele. Med ein spelar mindre resten av kampen gjer vi ein formidabel jobb bakover. I tillegg får vi ein dobbeltredning på eitt av Dale sine siste angrep, som er heilt avgjerandre for at vi kjempar for eit resultat til siste slutt. Med eit halvt minutt igjen er vi på uavgjort og har muligheten til å avgjere det heile, men nølar litt for mykje med å avslutte når sekunda tikkar mot sluttsignalet og dermed ebbar det ut i uavgjort.
Alt i alt kan vi være kjempefornøgde med dette. Det mest imponerande med denne kampen er den roa vi viser mot så god motstand. Ein utruleg god kamp av alle. Samspelet er solid, og stadig fleire spelarar melder seg på både framover og bakover. I tillegg har vi ein solid keeper som spelar ein kjempekamp! Med sine 13 redningar er ho heilt avgjerande for det poenget vi får, der fleire er 100 % redningar i tillegg til 2 dobbeltredningar. Det viktigaste av alt med handball er at det skal vere kjekt, og det var det definitivt i dag!
HEIA FØRDE!
Tekst: Eivind Stølen foto: Sissel Bruland Gurvin.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.