BLI KJENT MED.....
Postet av Førde IL - Handball den 9. Nov 2019
Ida Drønen
- Posisjon: Målvakt
- Fødd: 11.06.96
- Frå: Samnanger
- Tidlegare klubbar: Fyllingen, Østsiden Fredikstad og Fredrikstad Ballklubb
- Bustad: Førde
- Jobb: Fotograf hos Photoevent
Søndag ettermiddag skal Førde møte sunnmørsklubben Volda på bortebane. Eit lag som er med i toppen av 1. divisjon, og som betyr at Førde-målvakta Ida Drønen må vere førebudd på to travle omgangar.
-Personleg kjenner eg veldig lite til Volda. Vi møtte dei i ein treningskamp føre sesongstart, og spelte då ganske jamt med dei. Men i utgangspunktet er vel Volda favorittar mot oss, seier Drønen.
God i mål
Målvakta til Førde har hatt ein svært god start på sesongen, og i tre av dei sju kampane som er spelte, så har Ida Drønen blitt kåra til Førdes beste spelar.
-Eg har fått mykje speletid så langt, og føler sjølv det har gått ganske bra. Men vi skulle sjølvsagt ha hatt nokre poeng til. Spesielt var 25-26-tapet mot Fjellhammer surt, seier Drønen og ser klare forbetringar i forsvaresarbeidet etter at Alexandra Baesu gjorde comeback.
Rutine i forsvaret
- Det er tydeleg at hennar rutine har mykje å seie. Og i dei kampane ho har spelt, så har forsvaret stått godt. Noko som gjer det lettare å vere målvakt, seier Drønen før kampen i Voldahallen.
- Vi reiser oppover tidleg på søndag, og det er kampstart 15.00. Og no håpar vi verkeleg at vi skal kunne overraske favorittane frå Sunnmøre, seier Førde-keeperen offensivt.
Volda har på si side to tap hittil i sesongen, og ligg på tredjeplass, to poeng bak topplaga Flint Tønsberg og Fjellhammer.
Tekst og foto: Stig Roger Eide
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.