Avslutta god sesong med to nye poeng
Postet av Førde IL - Handball den 21. Apr 2024
D2 Førde-Bjørnar 26-24 (16-7): Ein glimrande gjennomført førsteomgang gjorde at Førde-damene kunne dra i land endå ein siger i den aller siste kampen sesongen 2023/24. Godt tempo, god skyting og solid forsvarsspel gjorde at Bjørnar såg ut som eit svært dårleg lag. I tillegg tok Andrea Boge Solås det aller meste som kom innanfor stengene. Ho vart kåra til vår beste spelar. Ved pause var vi ni mål føre bergensarane.
Andre omgang starta også bra, men på stillinga 18-8 skjedde det noko.
- Vi kom til gode sjansar, men vi skaut Bjørnar-målvakta god, sa trenar Øyvind Indrebø etter kampen.
Tempoet frå første omgang var borte vekk, det vart nølande og ukonsentrert, forsvarsspelet var ikkje lenger patent, og sakte, men sikkert vart avstanden på måltavla krympa. Og Bjørnar såg plutseleg ikkje så dårleg ut, spelarane fekk meir og meir sjølvtillit. Men det heldt til to poeng til slutt.
Øyvind var ikkje nøgd med at Bjørnar vann andre omgang med sju mål, men totalt sett var det bra, seier han.
Og fasit for sesongen vart altså ein tredjeplass med 30 poeng.
Måla til Førde: Annette Kaalstad 7 (3 på straffe), Amalie Haugsbø Ness 5, Oda Vindheim 4, Berenice Halvorsen 3, Kinga Lemiech 3, Tuva Tefre Kalstad 3, Alexandra Afloarei 1.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball

Er du vår nye sportslege leiar?
30.03.2025

Toppkamp i Førdehuset
22.03.2025

Tuva på nok en LK06 samling
22.03.2025

Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024