Så kom første tapet for herrelaget
Postet av Førde IL - Handball den 4. Feb 2024

H4 Førde-Kjøkkelvik 27-28 (14-13): Etter ni strake topoengarar vart det eittmålstap heime mot Kjøkkelvik. Bergenslaget kom frå eit tap mot Florø laurdag, men viste seg å vere ein vanskeleg motstandar for våre karar i denne kampen. 13 mål frå Daniel Kvidahl (biletet) var ikkje nok til to poeng.
Vi mangla Lars Engen Skadal, men lagleiar Leif Otto Olsen meiner det var fleire grunnar til tapet.
- Eit surt tap, det var slik at vi tapte i alle ledd. Få keeperedningar, dårleg forsvar som står for lenge og ser på at Kjøkkelvik gjer seg klare til å avslutte. Dei gjorde ingenting med det, og det skjedde gang på gang. Heller ikkje i angrepet fungerte det godt, det vart for mykje einmannsspel, dei skulle gjere det sjølv med påfølgande dårlege skot.
Kjøkkelvik var i føringa stort sett heile kampen, med unnatak av slutten av første omgang, då vi greidde å vere eitt mål føre til pause. Mot slutten av andre omgang var dei oppe i tremålsleiing, men vi greidde å redusere til 27-28 før sluttsignalet gjekk.
Mål for Førde: Daniel Kvidahl 13 (1 på straffe), Jakub Rycerz 5, Thomas Niiranen Hamre 3, Ole Kristian Gjerstad 2, Øyvind Vraalsen 2, Kristian Henden 1,Jonas Espeseth.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Hjerteligaens sesongavslutning
27.04.2026
Hjerteligaavslutning
21.04.2026
Fylkes og regionsmesterskap
15.04.2026
Kom for å heie på oss!
10.04.2026
Fylkes-og Regionsmesterskapet 2026
05.04.2026
Førde J12 – vinnere av Temaserien 25/26!
27.03.2026