Tredje strake i 4. divisjon
Postet av Førde IL - Handball den 8. Okt 2023
H4 Førde- Juristforeningen IL 37-24 (17-14): Herrelaget tok den tredje topoengaren på rad då dei banka Juristforeningen IL med 13 mål på heimebane. Denne gongen kom karane for ein gongs skuld godt i gang og leia 4-0 før det var spelt fire minutt. Men juristane frå Bergen kom sterkare etter kvart og hadde 8-8 halvvegs i omgangen. Førde var i leiinga med tre mål ved pause.
Var starten på første omgang bra, så var starten på den andre super. For vi scora sju mål på under sju minutt utan at bortelaget kvitterte, og dermed var kampen i realiteten avgjort. Til slutt stod det 37-24 på måltavla.
Dermed er vi klart i toppen av tabellen med seks poeng på tre kampar.
Måla til Førde: Jakub Rycerz 8, Lars Engen Skadal 7, Daniel Kvidahl 6, Thomas Niiranen Hamre 6, Trond Gjesdal 2, Mathias Indrebø 2, Matheus Diaz Boge 2, Robert Herstad Sund 2, Øyvind Fougli Vraalsen 1, Jonas Espeseth 1.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Hjerteligaens sesongavslutning
27.04.2026
Hjerteligaavslutning
21.04.2026
Fylkes og regionsmesterskap
15.04.2026
Kom for å heie på oss!
10.04.2026
Fylkes-og Regionsmesterskapet 2026
05.04.2026
Førde J12 – vinnere av Temaserien 25/26!
27.03.2026