Møt sponsorane våre: Entreprenørservice AS
Postet av Førde IL - Handball den 25. Jun 2023
Dagleg leiar Thomas Østerbø i Entreprenørservice og styreleiar Rune Øksenberg i Førde Handball stadfestar at sponsorkontrakten er forlenga.
Utan dei trufaste sponsorane er det ikkje så mykje Førde Handball får gitt av tilbod til unge og litt eldre handballspelarar. Pengane dei bidreg med gjer at vi kan betale halleige, trenarar, dommarar, reiser og mykje anna.
Saman med styremedlem Ingvill Hafstad har Rune Øksenberg hatt møte med og fornya sponsorkontraktane med fem av sponsorane våre. Ein av dei er Entreprenørservice AS, som har sagt ja til å sponse handballen i tre nye år.
Verksemda, som har hatt stor vekst dei siste åra, ser det som verdfullt å vere med og støtte opp om fritidstilbod i nærområdet. Vil du vite meir om Entreprenørservice AS, kan du gjere det på heimesida deira:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball

Trivselsserien for herrer
09.09.2025

Landsturnering i Bergen
07.09.2025

TRIVSELSSERIEN FOR KVINNER
06.09.2025

Klubbhuset nivå 1
27.08.2025

Sertifisering
27.08.2025

Førde IL er sertifisert i Klubbhuset Nivå 1
21.08.2025