Sparebanken Vest held fram som hovudsponsor
Postet av Førde IL - Handball den 4. Apr 2022
Sparebanken Vest har vore hovudsponsor for Førde IL Handball dei siste åra. No er ein ny avtale underskriven for tre år framover, og med det signaliserer banken at dei vil vere ein støttespelar ikkje berre når det er sportsleg suksess å sole seg i glansen av. For etter nedrykket frå 1. divisjon og med tap av mange spelarar på grunn av pandemien, slit damelaget til Førde med å halde seg over nedrykksstreken i 2. divisjon.
No er det fullt fokus på å ta dei poenga som skal til for å berge plassen, men på lengre sikt er målet å nå toppen av 2. divisjon og kanskje endå ein gong ta steget opp i 1. divisjon. I det arbeidet er støtta frå Sparebanken Vest uvurderleg.
Men sponsorstøtta handlar ikkje berre om damelaget. Skal vi nå måla våre må det satsast heilhjarta på breidde. Det å få fram gode handballtalent frå eigen stall er eit vilkår for framtidig suksess. Også her er Sparebanken Vest med på laget. Laga i aldersavgrensa klassar har nett fått nye drakter med logoen til banken på brystet.
Med Sparebanken Vest på laget har vi i Førde IL Handball trua på at vi skal nå måla våre.
På biletet ser vi frå venstre: Banksjef i Sparebanken Vest, Jørgen Follevåg Mjelleli, Andrea Boge Solås (visekaptein 2. div.), leiar i Førde IL Handball, Rune Øksenberg, Veslemøy Risnes Kjønås (viskaptein 2. div.), Oliver Solheim Klakegg (G16) og Cathia Baarøy, finansiell rådgjevar i Sparebanken Vest.
Rune Øksenberg
leiar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024