Positivt møte med hovudsponsoren vår
Postet av Førde IL - Handball den 24. Sep 2021
Frå v. Aina Strandos og Lars Solnørdal frå Sparebanken Vest, leiar Geir Eikås og sportsleg leiar Oddny Sønnesyn i Førde IL Handball. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Fredag 24. september hadde leiar Geir Eikås og sportsleg leiar Oddny Sønnesyn eit møte med hovudsponsoren vår, Sparebanken Vest. Dei fortalde banksjef Lars Solnørdal om utviklinga i klubben den siste tida, om korleis vi har stabla oss på beina att etter koronapausen og nedrykket frå 1. divisjon. Som alle veit, måtte damelaget vårt starte nesten på scratch etter at dei aller fleste av spelarane frå 1. divisjonstida er vekk.
No handlar det om å prøve å få samarbeidet med dei andre klubbane i tidlegare Sogn og Fjordane fylke til å gå bra. Dette krev mykje koordinering for å få alle spelarane samla til fellestreningar. Den første seriekampen enda med siger, no er sportsleg leiar Oddny Sønnesyn spent på korleis det går i helga med to kampar i Stavanger.
Geir snakka litt om intensjonen om å få til samarbeid med naboklubbane også på aldersavgrensa nivå.
Han fortalde om økonomien i laget, som no er på fote att etter å ha vore dårleg ein periode. Mindre utgifter til løn og reise har hjelpt på, pluss at sponsorane, mellom dei Sparebanken vest, har vore der også i motgangstider. Vi hadde ikkje greidd oss utan dei, seier Geir Eikås.
Avtalen med Sparebanken Vest går ut ved nyttår. Den 19. november er det avtalt eit nytt møte om vegen vidare.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball
Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024
Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024
Øyvind: Imponerande sesong av jentene
17.04.2024
Gutar 8 vant forundringspakke fra Bakar Jon
04.04.2024
Stortap mot serieleiaren
23.03.2024
Gjensyn med Emma
20.03.2024