NO ER ALEX TILBAKE

Postet av Førde IL - Handball den 28. Okt 2019

Når Førde møter topplaget Flint Tønsberg i Førdehuset onsdag kveld, så er Alexandra Baesu tilbake i troppen.

- Ja, eg kan stadfeste at Alex er tilbake. Ho spelte også bortekampen mot Rælingen førre helg, og vi ser at vi har bruk for styrken hennar i forsvar. Dessutan ser vi at dei andre spelarane dermed også kan få kvilt seg noko meir viss Alex står ein del i forsvar, seier sportsleg leiar Oddny Sønnesyn og såg i oppgjeret mot Rælingen at forsvaret fungerte svært godt.

God i forsvar

- Ja, det var ein uvanleg god forsvarskamp. Spelarane stod opp for kvarandre, og det var heilt herleg å sjå innsatsen deira, seier Oddny Sønnesyn etter at laget noko overraskande vann 25-26 mot Rælingen, som i fjor spelte på det høgste nivået i Norge.

På onsdag kjem topplaget i årets 1. divisjon, Flint Tønsberg, til Førdehuset. Denne vestfoldklubben blir trent av handballprofilen Tonje Larsen, som har vunne både EM-, VM- og OL-gull på det norske damelandslaget. Og med Larsen sin rutine og ikkje minst handball-kunnskap betyr det at heimelaget sitt forsvar blir utruleg viktig viss Førde skal ha håp om to poeng igjen.

Comeback

Derfor kan Alexandra Baesu få viktige arbeidsoppgåvar mot Flint, ikkje minst defensivt. Ho har spelt for Førde i mange sesongar, men har tatt det roleg ein periode etter at ho fekk barn.

- Eg har tatt det litt rolegare det siste, men då eg vart spurt om eg kunne vere med litt, så kjende eg at det var aktuelt, seier den rumenske bakspelaren, som dagleg jobbar på Coop Extra.

- Eg har trent med laget i det siste, og merkar at det går betre og betre for kvar gang. Men det var tøft å spele bortekampen mot Rælingen, og kroppen var ganske mørbanka etterpå. Men no er eg klar for ny innsats for Førde, seier Baesu då vi møter på ho under treningsøkta i Førdehuset måndag kveld.

Kampstart på kampen onsdag er klokka 17.30.

Tekst og foto: Stig Roger Eide


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.