J13 avslutta med siger og uavgjort

Lagt ut av Førde IL - Handball den 27. Mar 2023

Det var med friskt mot vi møtte opp til heimekamp i Jølstrahallen mot Florø laurdag. Heldigvis hadde dommar Hege fullstendig oversikt over hallen og vi vart kampklare kl 11, med provisoriske timeoutkort.

Det var stort sett ein jamn kamp med eit par opphentingsperiodar. På stillinga 7-4 tar Florø att Førde fram til 7-10 i 2. omgang, Trenar Trond drog heldigvis fram timeoutkortet av den sjeldne sort, og etter det vart det ein thriller av kamp. Vart så mykje thriller at sekreteriatet ikkje hang heilt med på Live og fekk ikkje registrert eine Florø målet. (Dette er altså meldt inn og vert ein orden på). Kampen vart avslutta på mest spennande vis 15-15 og begge lag skal vere nøgd med innsatsen.  

Dagen derpå var det tidlig avgårde til Eid med kampstart kl 11. Dette vart ein kamp der Førde i periodar vert liggande under, men klarar å hente seg inn att sakte, men sikkert. I andre omgang drar Førde i fra. Førde jobbar sterkt i forsvar og har hurtige angrep. Trenar Trond ynskjer gjerne at angrepet skal etablerast noko meir, men med ivrige måljegarar så vart det berre ord i lufta. 😅

Vi kjempa oss fram til ein knepen andre plass på tabellen, kor til slutt målforskjellen på 24 vart det avgjerande mot Askvoll/ Holmedal. Utrulig kjekt å følge jentene gjennom sesongen og reisa med både oppturar og nedturar, dette saman med eit veldig kjekt og takknemlig samarbeid med J12, alle foreldre, trenarar, dommarar, publikum og resten av klubben. Med innsats, vilje og humør gler vi oss til å jobbe fram mot Bergencup i sommar 😊 

Tekst og foto: Anne Gry Dale Niemonen




Avslutta med tap mot Jotun

Lagt ut av Førde IL - Handball den 27. Mar 2023

Søndag 26.mars tok spelarane, føresette og Kristian turen til Årdal for å sjå j14 vise fram god handball. På turen fekk vi med oss flott natur, kjensla av god lagånd og mykje god latter. Vel framme blei jentene godt tekne i mot av blide sogningar, og jentene fekk servert god frukost før kampstart.

Jenter 14 har hatt god utvikling dei  siste månadene, noko som har sikra god sjølvkjensle før kampen mot Jotun. Vi har gått frå mange tap til mange sigrar etter at  Kristian tok styringa i trenarrolla.

 Kampen mot Jotun skulle vi absolutt ha moglegheit til å vinne om vi gjorde som vi veit vi kan. Med kollektiv kollaps, med innslag av eit par mål og nokre gode keeper-redningar, reiste vi  heim med eit 17-7 tap.

Jotun var eit klart betre lag enn oss i dag, ingen rop frå sidelinja kunne redde oss i land, og til slutt gjekk òg Kristian i nødmodus. Turen heim starta med skuffa jenter og enda med ein super avslutning i Jølstrahallen der vi fekk med oss Gutar 16 sin kamp mot Florø. Det vart rett nok tap der og, Florø vann 28-27.




Vi utklassa Årstad i andre omgang

Lagt ut av Førde IL - Handball den 26. Mar 2023

Årstad-Førde 14-32 (7-8): Etter ein jamn førsteomgang resultatmessig losna det til dei grader i andre omgang for Førde mot Årstad. Benedicte Frøyen Bergset (biletet) gjekk i front og prikka inn ni mål.

Vi vann andre omgang 24-7 og sikra oss dermed dobbel poengfangst på turen til Bergen denne helga. No har vi 13 poeng og har klatra til åttandeplass på tabellen. Eit viktig steg mot fornya kontrakt, men sesongen er ikkje over, så det tryggaste er å plukke endå fleire poeng framover.

Måla til Førde: Benedicte Frøyen Bergset 9, Emma Gloppestad 6 (1 på straffe), Oda Vindheim 5, Kinga Lemiech 3, Tuva Tefre Kalstad 2, Alexandra Afloarei 2, Sara Dyrhol Vatne 1 og Guro Bruland Gurvin 1. Guro fekk dermed sitt første mål for 2. divisjonslaget. Gratulerer!

Trenar Øyvind Indrebø seier dette om kampen:

- Nøkkelkamp mot Årstad. Alltid litt spennande å gå inn i kamp 2 etter ein god prestasjon i går. I tillegg er Årstad eit uggent (positivt meint) lag å spele mot. Ein heilt annan måte å spele på enn for eksempel BSI. Kamputviklinga var vi eigentlig førebudde på, og snakka om på spelarmøtet i formiddag. Nemlig at dei holdt følgje, men om vi malar på, vil det betale seg. 

Så vi hadde ein god pausepreik. Og i 2. omgang såg vi oss aldri tilbake. Vi har no teke eit langt steg mot å sikre ny kontrakt. Spesielt med tanke på måten gruppa fungerre saman, og derigjennom presterer. Men vi har framleis tre kampar att i sesongen, alle heime, der vi er i utfordrarposisjon. Og der treng vi all den støtta vi kan få frå «den åttande spelaren». Sjåast på kamp.

PS: takk til alle som fylgde oss på tribuna i helga. Jentene set ufatteleg pris på den støtta😀




Hurra! Vi er over streken!

Lagt ut av Førde IL - Handball den 25. Mar 2023

BSI-Førde 25-36 (13-21): Jentene våre levna ingen tvil; Det skulle bli to poeng mot BSI i Bergen, og det vart det til gagns. BSI kom best i gang i kampen og leia 5-3 etter seks minutt. Men dei neste seks minutta scora Førde sju mål utan ei einaste kvittering frå heimelaget, og dermed var det vi som hadde kontrollen med 10-5. Leiinga auka utover i omgangen, slik at vi leia 21-13 ved pause.

BSI kom best i gang også etter pause, og leiinga vår krympa til tre mål på stillinga 20-23, men derifrå og inn var det ikkje tvil om kven som skulle ta poenga. Til slutt stod det 25-36 på måltavla.

Dermed har vi passert både BSI og Stavanger på tabellen. I morgon spelar vi mot Årstad. Med same innsatsen som mot BSI kan vi også passere Nærbø og innta åttandeplassen.

Måla til Førde: Emma Gloppestad 11 (4 på straffe), Benedicte Frøyen Bergset 8, Kinga Lemiech 6, Oda Vindheim 5, Sara Dyrhol Vatne 2, Agnete Ørnehaug 2, Tuva Tefre Kalstad 1 og Alexandra Afloarei 1. 

Trenar Øyvind Indrebø er naturleg nok ein glad mann i kveld:

- I dag er vi i trenarteamet svært fornøgde med prestasjonen til jentene. Vår første omgang er nok den beste vi har gjennomført i år. Laget spelte med ein stor tryggheit og og ufatteleg  «power». Vi fikk ein litt skeiv start på 2. omgang. Men også her imponerte laget, med å ikkje stresse, men behalde roen i ein viktig fase. Så totalt sett veldig bra. No blir det å slappe av i kveld, og begynne førebuingane til kampen mot Årstad i morgon.

Benedicte set inn eitt av sine åtte mål. Foto Kjersti Erichsen.

Jubel etter velfortente poeng mot BSI. Foto:Kjersti Erichsen.




Jubel etter tap mot Florø

Lagt ut av Førde IL - Handball den 23. Mar 2023

J16-laget vårt jubla som om dei hadde vunne, sjølv om det vart tap mot Florø 2 i Florø idrettssenter onsdag kveld. For med tomålstap 15-13 er vi framleis på topp på tabellen, med same poengsum som Florø 2. Hadde vi tapt med tre mål, ville Florø-laget gått forbi.

Nervane var på høgspenn for Førde-jentene, som hadde alt å tape, og det viste tydeleg i første omgang. Pauseresultatet var 8-3 til heimelaget.

Vi låg under med fire-fem mål nesten heile kampen. Men mot slutten tok jentene grep og reduserte til tomålstap, og vi vann andre omgang med 10-7. No står det att ein kamp, mot Florø 3 komande tysdag. Den må vinnast om vi skal vere kvalifisert til kampen om kretsmeisterskap i Bergen i april.







Slår vi BSI og Årstad igjen?

Lagt ut av Førde IL - Handball den 22. Mar 2023

Slik jubla damene etter to poeng mot BSI i haust. Målet er å gjenta det i Bergen.

Komande helg spelar vi to enormt viktige 2. divisjonskampar i Bergen. Laurdag er BSI motstandar, søndag står Årstad på andre banehalvdelen. Begge laga er sikkert revansjelystne etter at vi vann mot dei i Førdehuset i haust, 31-22 mot BSI og 26-14 mot Årstad. På den andre sida er damene våre veldig motiverte for å sanke med seg fire poeng heim til Sunnfjord.


BSI har 10 poeng på niandeplass, vi har nipå ellevte- og nestsisteplass, medan Årstad er heilt sist med fempoeng. All erfaring tilseier at laga frå Bergen stiller med sterkare mannskap på heimebane enn dei gjorde i Førde, så vi bør ikkje la oss lure av at vi slo begge laga veldig klart i oktober.

Trenar Øyvind Indrebø vurderer det slik:

- Etter full pott i dei siste to kampane på heimebane, står vi framfor to spennande kampar i Bergen til helga mot henholdsvis BSI og Årstad. Dette er to lag som vi definitivt kan slå, men også lag som vi kan tape mot, dersom vi ikkje presterer godt. Men det har vi god tru på at vi skal gjere. Jentene og lagleiarteamet gler oss veldig til helga.  

For Tuva Tefre Kalstad (biletet under) blir det endå ein tur til Bergen. For ho er kalla inn til regional landslagssamling for jenter fødde i 2006 torsdag 30. mars. Ho er ein av tre venstrehendte kantspelarar som er tekne ut. Tuva har i dei siste kampane til Førde i 2. divisjon levert veldig viktige bidrag til poengplukkinga med sine fine skot frå høgrekanten.




Vi plukkar poeng - "imponert over jentene"

Lagt ut av Førde IL - Handball den 19. Mar 2023

Sjølv om Nærbø litt overraskande kriga seg til ein eittmålssiger og to poeng mot Tertnes i Bergen søndag, så ser tabellsituasjonen for Førde langt lysare ut enn for vel ei veke sidan. Vi er framleis nestsist, men er a poeng med Stavanger, eitt bak BSI og to bak Nærbø. Stavanger tapte heime mot Gneist, og Årstad, som er heilt sist med 5 poeng, tapte stort mot Ålgård.

Etter 60 spennande og intense minutt laurdag kveld med knallhard kjemping drog vi i land endå ein siger i kampen for å halde oss i 2. divisjon! Mot Nærbø stod det 13-13 ved pause, men mot slutten fekk vi overtaket og vann 25-22.

Oda Vindheim vart vår toppscorer med 7 mål, Emma Gloppestad og Kinga Lemiech sette inn 6, Benedicte Bergset 3, Tuva Tefre Kalstad 2 og Alexandra Afloarei 1.

Kinga Lemiech (på biletet, saman med Merethe Solheim Klakegg) vart kåra til vår beste.  

Trenar Øyvind Indrebø seier dette om kampen: Vi er svært letta etter denne sigeren. Det var ein slitekamp frå start til slutt. I første omgang fekk vi ikkje tak på skot frå distanse, vi brende sjansar og mangla litt glød. Men etter ein god pauseprat stod jentene fram på ein mykje betre måte i forsvar. Med betre uttelling i angrep kunne vi hatt ei endå større leiing inn mot sluttminutta. Men når det er sagt er vi i lagleiinga svært nøgde med kampen. Vi er veldig imponerte over jentene!




Kampen mot Nærbø blir viktig

Lagt ut av Førde IL - Handball den 14. Mar 2023

Gjekk du glipp av den spennande kampen mot Randesund sist laurdag og gledesscenene etterpå? Komande laurdag er det ny heimekamp, og den kampen blir endå viktigare å vinne. Motstandar er Nærbø, som står med ni poeng. Vi har sju poeng. Det seier seg sjølv at to poeng der kan få mykje å seie for kampen mot nedrykk. Dersom Nærbø tek begge poenga, vil dei vere fire poeng føre oss. Vinn vi, er vi a poeng.

Trenar Øyvind Indrebø er spent framfor kampen.

- Etter ein sterk prestasjon førre lørdag, går vi inn i ein spennande sesongavslutning. Vi har seks kampar igjen, og dei fleste av desse kampane er mot lag nær oss på tabellen, der vi kan både slå og tape mot dei fleste.

Foto: Photoevent.

- Første hinderet er Nærbø i Førdehuset førstkomande laurdagskveld kl 18.30. Det vart tap mot dei borte i serieopninga. Motivasjonen er stor for å revansjere det tapet. Det er sjølvsagt veldig gunstig å vinne ein slik kamp, men vi har fleire kampar der vi kan ta nødvendige poeng. Det betyr at vi MÅ ingenting, men vi er i ein fantastisk angrepsposisjon.

Førre laurdag var det kjempestemning i Førdehuset, noko som laget sette svært stor pris på. Vi håpar mange tek turen i Førdehuset komande laurdag, og kan vere den «åttande spelaren» på bana, seier Øyvind.

Så difor, kjære handball- og Førde-entusiastar: møt opp i Førdehuset laurdag 18. mars klokka 18.30 og hjelp laget vårt til to nye poeng! Støtte frå tribuna kan fort gje nokre plussmål.

Helga etter, den 25. mars, møter vi BSI i Bergen. Dette laget slo vi i Førdehuset i haust. BSI har 10 poeng, og vi kan  med andre ord passere både dei og Nærbø dersom vi får full pott i begge kampane. Innsatsen jentene la ned mot Randesund gav sjølvtillit i tillegg til poeng, med same gutsen i desse to viktige kampane er det god grunn til å håpe på det.




Opprykket er i boks!

Lagt ut av Førde IL - Handball den 13. Mar 2023

H5 Førde-Dale 33-27 (14-13): Herrelaget vårt kunne juble for opprykk til 4. divisjon etter heimekampen mot Dale måndag kveld. Om ei knapp veke er BSI 2 motstandar i Førdehuset, og då kan vi kanskje juble for seriemeisterskap også. For vi har 17 poeng på ni kampar, BSI 2 har 12 på sju kampar.

Etter ein dramatisk kamp mellom Førde og Dale tidlegare i sesongen var det denne gongen god stemning mellom laga, og handballen stod i fokus. Og den vesle tribuna på kortveggen i Sal 2 var stappfull av folk.

Første omgang var jamn, det stod 14-13 til Førde ved pause. Den elektroniske måltavla svikta, det førte til to avbrekk i spelet. Men i pausen vart dette ordna, og sekretariatet slapp bruke gamaldagse metodar.

Dale kom godt i gang i andre omgang, godt anført av Mika Dahle. Med god fart på ballen og stor innsats kjempa dei seg til ei tomålsleiing. Men så fekk Dahle ein strekkskade, og det hemma både han og resten av det unge Dale-laget. 

Samstundes fekk Førde betre sving på angrepsspelet sitt og seig sakte frå, slik at det til slutt vart 33-27.

Måla til Førde: Daniel Kvidahl 11, Lars Engen Skadal 6, Ole Kristian Gjerstad 5, Thomas Niiranen Hamre 5, Robin Marvik Gjesdal 3, Øyvind Fougli Vraalsen 2, Simen Roligheten 1. 

Mika Johan Hillersøy Dahle vart toppscorar for Dale med 8 mål.




Endeleg jubel for to poeng!

Lagt ut av Førde IL - Handball den 11. Mar 2023

Førde-Randesund 29-28 (16-13): Endeleg kunne spelarar, støtteapparat og det trufaste heimepublikummet sleppe jubelen laus. For etter svært spennande sluttminutt enda kampen mot Randesund med eittmålssiger. Og det var fullt fortent, for Førde hadde leiinga det aller meste av kampen og kunne dra i land to poeng mot eit lag som ligg mykje høgare på tabellen.

- Dette var bonuspoeng for oss, sa assistenttranar Oddny Sønnesyn etter kampen. Men ikkje minst er det eit resultat som gir oss sjølvtillit framfor serieinnspurten.

Kinga Lemiech hadde ein god start på kampen og hadde notert seg for fire mål alt etter 12 minutt. Då leia vi 6-4, og vi var oppe i femmålsleiing 14-9 med seks minutt igjen av omgangen. Den leiinga knappa Randesund inn til eitt mål, før to kjappe mål av Emma Gloppestad gjorde at vi auka til tre før pause.

I andre omgang var vi ei stund oppe i firemålsleiing, men så kom ein periode der skota ikkje var godt nok innstilte, og Randesund reduserte fleire gonger. Midtvegs i omgangen var det likt, 22-22, og med ti minutt igjen var bortelaget føre med to mål. 

Smilet til Andrea seier det meste om kva poenga betyr.

 

Men då vakna vinnarinstinktet hjå heimelaget. ikkje minst hjå målvakt Andrea Boge Solås. Ho hadde fleire gode og viktige redningar, og vart kåra til vår beste spelar. J16-spelar Tuva Tefre Kalstad sette inn tre viktige mål få høgrekanten. Innsatsen til Kinga Lemiech resulterte i utlikning 28-28 og at ein Randesund-spelar vart utvist. I overtal og med knappe to minutt igjen sette kaptein Oda Vindheim inn 29-28.

Det påfølgjande Randesund-angrepet enda med skot over, og Øyvind Indrebø tok timeout med 45 sekund igjen. Då spelet vart sett i gang att, var dommarane svært kjappe med å markere for passivt spel, og bortelaget fekk sjansen til å utlikne. Men då var Førde-forsvaret kompakt, og det enda med eit frikast som gjekk i muren.

Dermed var det vill jubel for svært tiltrengde poeng. Vi er no oppe på sju poeng, vi er framleis nestsist, men vi har tre lag innan rekkevidde, og det er seks kampar igjen. Og som Oddny Sønnesyn sa, eit slikt resultat og ein slik prestasjon avlar sjølvtillit. Det lovar godt for dei kampane som står att av sesongen.

Måla til Førde vart scora av Emma Gloppestad 10 (1 på straffe), Oda Vindheim 7 (3 på straffe), Kinga Lemiech 5, Benedicte Frøyen Bergset 3, Tuva Tefre Kalstad 3, Sara Dyrhol Vatne 1.

Toppscorarar for Randesund var Marlin Swift-Johannessen og Anne Benestad Rosenvold, begge 8 mål. Isabel Gunnerød vart kåra til deira beste.

Førde-muren stod imot då Randesund prøvde å utlikne på kampens siste kast.

 Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.




Ny kamp - ny sjanse til poeng

Lagt ut av Førde IL - Handball den 9. Mar 2023

Kaptein Oda Vindheim og resten av 2. divisjonslaget til Førde IL Handball møter Randesund i Førdehuset laurdag klokka 16.00. Randesund spelte i 1. divisjon i fjor og ligg på tredjeplass på tabellen med 23 poeng. Vi ligg nest sist med fem poeng. Men vi tapte med berre fem mål i bortekampen på Sørlandet, så det var ikkje klasseskilnad på laga. Difor er det fullt mogeleg med to poeng laurdag dersom heimelaget har dagen og publikum møter opp og støttar oss. 

Trenar Øyvind Indrebø seier at han og laget gler seg til ein ny heimekamp.

- Vi er førebudde på at vi møter eit godt Randesund, som naturleg nok er favorittar. Men vi leverte ein god kamp mot dei borte, og har trua på at vi kan utfordre dei på heimebane. Det vil hjelpe oss å ha eit entusiastisk heimepublikum på tribuna.

På tribunen kjem det til å vere mange handballinteresserte jenter, for J11-lag frå heile Sogn og Fjordane er samla for å spele kampar i Førdehuset. Men det er sjølvsagt plass til alle som vil vere med på å heie fram jentene våre til to viktige poeng. Det trengst, for det er fire poeng opp til trygg plass. På den andre sida er det enno mange kampar att, mange av dei på heimebane, så det vil framleis vere håp i hengande snøre om det ikkje skulle bli siger.

Foto: Photoevent