Matheus feirar ti mål med god (?) mat

Lagt ut av Førde IL - Handball den 29. Jan 2023

Førde sitt herrelag reiste søndag nedover til Lindås i godt humør. Etter ein ruskete kamp forrige helg var målet for kampen rett og slett å halde fokus gjennom heile kampen. Herrane byrjar kampen litt tregt dei første fem minutta der både forsvarsspelet og angrepsspelet lugga.

Men etter nokre småjusteringar sat det defensivt, og angrepsspelet fekk god flyt. Dette gjorde til at Førde rykte frå og gjekk til pause med ein solid18-6-leiing. I andre omgang klarer herrane å halde fokus, og stengje igjen bakover. Lindås vert slitne, og Førde får mange enkle kontringsmål.

Kampen endar med siger 37-14, og herrane kan reise heim til Førde med to poeng i bagasjen. I dag var det ein kamp der unggutta bidrog på ein særs god måte. Dei gjorde ein god jobb både defensivt og offensivt. Matheus frå G16 noterte seg i dag for 10 scoringar, og viste med det at han held nivået på herrelaget med bravur. 

Tekst: Robin, Trond, Ole og Kristian.

Foto: Lars.




Tap, men årets beste kamp

Lagt ut av Førde IL - Handball den 25. Jan 2023

Randesund-Førde 28-23 (16-15): 2. divisjonsdamene våre spelte jamnt med Randesund i første omgang i Kristiansand onsdag kveld, men i andre omgang greidde heimelaget å opparbeide seg ei leiing som gjorde at det til slutt vart femmålstap. Før pause fylgde laga kvarandre tett, for det meste med Randesund i leiinga, men vi var føre på 10-11 og 12-13.

Andre omgang starta med tre mål frå heimelaget, så eitt på straffe frå Emma Gloppestad, før det kom tre mål til frå Randesund. Dermed stod det 22-16 på måltavla. Då tok Øyvind Indrebø timeout, og Oda Vindheim prikka inn to mål. Resten av kampen var jamn.

Øyvind seier dette om kampen: Vi møtte eit lag på bortebane som berre har tapt tre kampar i år og kom ned frå 1.div. Så det var eit godt lag. I det perspektivet er vi i trenarteamet godt fornøgde med gjennomføringa av kampen. Vi synest samhandlinga i angrep er begynt å sitte, slik at vi skaper meir tryggleik og gjennom det spelar jentene opp kvarandre.

I tillegg var jentene gode i duellspelet/smartnessen bakover, og der også tek samarbeidet til å sitte. Viktigast av alt, vi er svært fornøgde med moralen i laget, og viljen til å jobbe for kvarandre. 

Det er alltid surt å tape. Men vi må sette ting  litt i perspektiv – vi gjorde årets beste kamp.

Emma Gloppestad (biletet) var igjen vår toppscorar med 11 mål, fire av dei på straffekast. Oda Vindheim hadde fire mål, Benedicte Bergset to, S Vatne to, Mari Rusten, Agnete Ørnehaug, Maren Aase, Tuva Tefre Kalstad og Sara Dyrhol Vatne eitt kvar.




J11-Tøff kamp i Hyllestad

Lagt ut av Førde IL - Handball den 24. Jan 2023

Laurdag tok Førde J11 turen til Hyllestadhallen, og der var det spelt ein jamn og tøff kamp. Jentene var i føringa heile kampen, men Hyllestad nekta Førde å stikke av. Det klabba litt for jentene, mykje bom og vi fann ikkje heilt flyten, og kanskje er det Hyllestad som skal ha skryt for dette. 

Det vart mange duellar og fin fight, noko ein skal gi dommaren skryt for at dei fekk lov til. Vi hadde mange avslutningar og mykje bom, mange prøvde, men det var litt stang ut. Uansett skal jentene ha skryt for å stå på og ikkje gi opp, for det er god læring å ikkje alltid få det til. Det vart 13-11 til Førde, i ein spennande kamp.

Tekst: Bernt Ove Berntsen Foto: Monica Berntsen




J14 med slitesiger mot Bjørn

Lagt ut av Førde IL - Handball den 24. Jan 2023


Jenter 14 har hatt god utvikling den siste tida, noko som har sikra god sjølvkjensle før kampen mot Bjørn i Gaupne.  Dette var ein kamp vi burde, og skulle vinne, men ein skal ikkje selje skinnet før Bjørnen er skoten. Det har vi nok ein gong kjent på i dag.

Vi starta bra og fekk raskt ei god leiing med 7-1 etter at fem minutt var spelt. Jentene gjekk i fella som ein ofte går i når ein leiar: dei slappa av og gløymde oppgåvene sine. Dette resulterte i ei lita 12-9 leiing til pause.  

Jentene sitt spel var ikkje til å kjenne att frå dei siste kampane, og i pausa fekk jentene klar melding om å spele handball sånn Kristian veit dei kan.  Noko betring blei det, men etter halvspelt 2.omgang var stillinga  15-15.

Førdejentene innsåg at det kunne gå mot tap og klarte å samle seg så mykje at dei til slutt drog sigeren i land med 20-18. Det er godt at vi kan dra i land ein siger sjølv om vi ikkje kan skryte over godt spel. 

Tekst og foto: Linn Solheim-Sunde




Kjedeleg eittmålstap mot Florø for J13

Lagt ut av Førde IL - Handball den 21. Jan 2023

I dag reiste ein motivert og spent J13-gjeng til Florø for å spele kamp. Sidan Florø ligg på førsteplass på tabellen var jentene ekstra gira på å spele ein god kamp og helst ta seieren. Og det blei ein svært spennande og jamn kamp.

I første omgang følger laga kvarandre tett. Førde sitt spel ber preg av litt nervar og ein del personlege feil, men dette kjem seg utover omgangen. Heimelaget leia 9-7 ved pause. I andre omgang jobbar jentene svært godt i forsvar, og angrepa sit mykje betre. Når det gjenstår tre minutt av kampen er stillinga 16-16.  Dessverre slepp vi inn eit mål i siste minuttet, og kampen enda 17-16 til Florø. Eit kjedeleg tap, men ein god og spennande kamp.


Tekst og foto: Anne Grethe Varpe




Herrelaget utan poengtap

Lagt ut av Førde IL - Handball den 21. Jan 2023

Førde-Skjergard 33-20 (15-11): Førde hadde få problem med å innkassere sin fjerde strake topoengar då botnlaget Skjergard kom på besøk i Førdehuset. På biletet over set Thomas Niiranen Hamre inn eitt av sine tre mål. Skjergard kom til Førde utan innbytarar, og i starten såg dei aldeles hjelpelause ut. Førde gjekk fort opp i 6-0-leiing. 

Men så skjer det som ofte skjer når motstandaren er svak. Heimelaget tok til å gjere enkle feil, samstundes som Skjergard-spelarane fekk litt sjølvtillit. Dermed stod det brått 8-5 på tavla. Inn mot pause greidde ikkje Førde å auke leiinga med meir enn eitt mål, slik at det stod 15-11 ved halvtid.

Andre omgang vart langt betre. Etter 19 minutt var vi 14 mål føre. Men då kom ein ny downperiode, der Skjergard scora tre mål utan at vi kvitterte. Det kom seg att litt mot slutten, slik at sluttresultatet vart 33-20.

Lars Engen Skadal (nr. 6) vart toppscorar mot Skjergard. T.v. Matheus Diaz Boge.

 

Lars Engen Skadal vart toppscorar med 13 mål, av dei to på straffe. Daniel Kvidahl sette inn ti mål, Robin Gjesdal tre, Thomas Niiranen Hamre tre, Kristian Henden to, og Jakob Hoff og Simen Roligheten eitt kvar.

Sjølv om Førde er utan poengtap er det BSI2 som toppar tabellen i 5. divisjon. Dei har 12 poeng på sju kampar, medan vi har åtte på våre fire.

Daniel Kvidahl set inn eitt av sine ti mål.


 Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.




Førde G-16 viste musklar og vann fortent.

Lagt ut av Førde IL - Handball den 21. Jan 2023

  Førde G16 møttest til kampførebuing og felles lunsj før kampen mot Gloppen 2 i kantina til beste banken, Sparebanken Vest! Førdegutane var kamplyste og klare på at dei skulle vise Gloppen 2 kven som er best! Gutane storspelte både framover og ikkje minst i forsvar og vann vel fortent 25-18.

Takk til den flotte Generalsponsoren til Førde IL handball for lån av lokale, det sette gutane stor pris på!

Tekst og foto: Merethe Solheim Klakegg.




Martine og Marit saman i E-cup for Fana

Lagt ut av Førde IL - Handball den 15. Jan 2023

Det har vore ei stor veke for Martine Vindheim. Frå spel i 2. divisjon for Gneist fekk ho onsdag sjansen til å vise seg fram i ein toppseriekamp for Fana mot Sola i Stavanger. Og søndag vart draumeveka toppa med europacupkamp mot danske Ikast i Bergen.

Og den vesle lynvingen frå Førde gjorde seg på ingen måte bort. Etter to mål mot Sola dobla ho til fire mot Ikast, tre av dei i første omgang. Då heldt Fana godt fylgje med det meir meritterte danske laget, stillinga ved pause var 15-15. Men i andre omgang vart motstanden for sterk. Ikast vann til slutt 35-24.

Ein ekstra bonus for Martine var at ho fekk spele på lag med Marit Ova Bøyum igjen. Bakspelaren frå Vassenden har gjort det godt i Fana eit par år no. Mot Ikast vart ho mest brukt som forsvarar.

Les meir om kampen her: 

https://ehfel.eurohandball.com/women/2022-23/matches/details/202312020904015/fana-ikast-handbold/




Martine scora to i toppseriedebut

Lagt ut av Førde IL - Handball den 11. Jan 2023

Martine Vindheim forlet Førde IL Handball i fjor vår etter å ha vore med på å berge plassen i 2. divisjon. I Bergen spelar ho no for Gneist, også det i 2. divisjon. Men Gneist er samarbeidsklubb med toppserielaget Fana, og onsdag den 11. januar fekk Martine sjansen til å vise seg fram på aller høgaste nivå i norsk handball. Ho vart teken ut til seriekampen Sola-Fana, og ho var ikkje verre enn at ho kvitterte med to mål, eitt i kvar omgang.

Rett nok vart det tap, heimelaget Sola vann 32-25, men like fullt sikkert ei stor oppleving å få kjenne på nivået, og igjen vere lagvenninne med Marit Ova Bøyum. Marit kom ikkje på scoringslista i denne kampen, ho vart i store delar av kampen berre brukt som forsvarsspelar.




Emma utteken til regional landslagssamling

Lagt ut av Førde IL - Handball den 11. Jan 2023

Emma Gloppestad vart kåra til vår beste spelar i siste seriekampen mot Hinna. No er gloppejenta teken ut til regional landslagssamling for jenter fødde i 2004 og 2005. Samlinga blir i Laksevåg Idrettshall i Bergen torsdag. Av dei 38 jentene som er innkalla er Emma den einaste som ikkje er frå Bergensområdet.

Eit anna talent, vår eigen Georg Marskar Strønen, er teken ut til bylagssamling for gutar fødde i 2007. Samlinga er i Sotra Arena 14. og 15. januar. I alt 34 gutar er tekne ut, mellom dei tre frå Gloppen, ein frå Florø, ein frå Eid og ein frå Dale.




Vi får sportsleg utval

Lagt ut av Førde IL - Handball den 11. Jan 2023

På styremøtet i Førde Il Handball tysdag 10. januar fortalde sportsleg leiar Øyvind Fougli Vraalsen at han no har fått tromma saman eit sportsleg utval med ti medlemmer. Der er gute- og jentespelarar, trenarar, oppmenn, dommarar og foreldre representerte. Planen er at dei skal møtast ein gong i månaden. Planen er at det også skal etablerast eit trenarforum og eit spelarforum.

På styremøtet kunne elles nestleiar Merethe Solheim Klakegg fortelje at arbeidet med Extra Førde Cup 2023 er godt i gang. Ein arrangementskomite med mange gode krefter skal ha sitt første møte onsdag 11. januar.

Ho minner elles om at det snart er årsmøte, og då må alle lag sende inn ein liten rapport til årsmeldinga om det som har skjedd i 2022.




Kan søke om økonomisk støtte for dei yngste

Lagt ut av Førde IL - Handball den 11. Jan 2023

Hugs fristen 13.01: Det er no mogeleg å søkje om støtte til å få dekt lisensen for 13-åringane.

Les meir her:

https://www.handball.no/nyheter/2022/12/kan-soke-om-okonomisk-stotte-for-de-yngste/




Avtalen med Coop er forlenga

Lagt ut av Førde IL - Handball den 9. Jan 2023

Leiar Rune Øksenberg i Førde IL Handball og butikksjef Ørjan Alme i Coop Extra smiler breitt etter at sponsoravtalen mellom Coop Nordvest og Førde Il Handball vart forlenga. Avtalen gjeld i to år framover, og Rune seier at det er ein viktig kontrakt for oss. 

- Coop Nordvest er ein mangeårig samarbeidspartner med lokal forankring, og som har bedrifter innan daglegvarer, byggevarer, gullsmed, kle og Bakar Jon. I desember vart Coop Extra lågprisvinnar. Det er ein viktig bidragsytar som kjenner klubben godt.

Samarbeidet er gjensidig, i samband med Extra Førde Cup handla Førde Il Handball mykje av matvarene pluss andre varer på Coop Extra. Rune oppmodar medlemmene i handballgruppa om å bruke tenestene til Coop så mykje som råd.





Førde 2 med sterk bortesiger

Lagt ut av Førde IL - Handball den 9. Jan 2023

Syril-Førde 2 26-28 (17-15): På bortebane mot eitt av dei bete laga i 4. divisjon viste jentene på Førde 2 ein vinnarmoral som det står respekt av. Syril hadde før denne kampen tapt berre to av ni oppgjer. Trenar Ole Kristian Gjerstad seier at dei visste at dei kunne hamle opp med Syril etter eit tidvisst jamt oppgjer sist, der Syril til slutt vann 30-23. 

- Det blei ein jamnspilt kamp der vi slit mykje bakover i første omgang, vi klarer ikkje komme oss i rett posisjon før Syril set trykk, og vårt offensive forsvar fører til at Syril kjem til mange enkle gjennombrot. Heimelaget leia 17-15 til pause. 

- Vi gjer nokre omstillingar inn i neste omgang og har hovudsakleg fokus på jobben som må gjerast bakover. Vi klarer etter kvart å overta leiinga, men kampen er tett heile vegen inn. Det var ein kamp som bølga veldig i prestasjonane, både enkeltspelarar og det kollektive spelet var tidvis veldig godt, men vi har og for mange feil i begge endar av bana. 

Men vi er kjempefornøgde med at vi denne gongen klarde å halde heilt inn og fekk med oss to sterke poeng heim til Førde. Laget fortset å ta steg, kamp for kamp, så er det ekstra gøy å sjå korleis våre yngste jenter taklar seniorhandball. Dei går i krigen, kjempar i forsvar og tek ansvar framover. Miksen av ungjentene og ein herleg gjeng av meir rutinerte spelarar gjer at Førde K4 er ein trygg og god utviklingsarena som det blir spennende å følgje videre. 

Tuva Tefre Kalstad vart vår toppscorar med ti mål, Guro Bruland Gurvin sette inn seks mål.




Øyvind: Spelemessig framgang!

Lagt ut av Førde IL - Handball den 8. Jan 2023

Førde-Hinna 20-23 (10-14): Det vart eit tremålstap i første kampen i 2023. Vi var fire mål bak ved pause, men ei god avslutning av kampen gjorde at Førde vann andre omgang med eitt mål.

Emma Gloppestad vart vår toppscorer med sju mål, to av dei på straffe. Oda Vindheim hadde fire, Benedicte Bergset fire (eitt på straffe) Tuva Tefre Karlstad eitt og Alexandra Afloarei eitt mål. Emma Gloppestad vart kåra til vår beste spelar.                        

Trenar Øyvind Indrebø:Alltid surt å tape. Men spelemessig framgang.  Vi er gode i forsvar etter at vi la om frå 5:1 til 6:0. Spelte oss til fleire sjansar framme enn tidlegare. Det som var synd var at vi ikkje utnytta godt nok å kontre pga godt forsvar. Når vi gjorde det, tok vi raskt innpå. Mellom anna låg vi bak 16-18! Fornøgd også med moralen i laget!


Foto: Randi Bekken