Første poengtapet til herrelaget
Lagt ut av Førde IL - Handball den 13. Feb 2023
Fyllingen 3-Førde/Gloppen2 34-34 (18-20): For første gongen denne sesongen fekk Førde-herrane kamp til døra, og det enda med poengdeling mot Fyllingen3 i Framohallen i Bergen. Det vart ei deamatisk avslutning på kampen. Etter at Førde leia med to mål ved pause, var Fyllingen3 i føringa det meste av andre omgang.
Med ti minutt igjen leia heimelaget med to mål. Då reduserte første Thomas Niiranen Hamre (på biletet over) til 32-31, før Daniel Kvidahl sette inn to mål, og vi var eitt mål føre. Då fekk Thomas raudt kort, og Fyllingen3 utlikna på straffekast.
Lars Engen Skadal sette inn ny eittmålsleiing 48 sekund før slutt, men heimelaget greidde å utlikne 14 sekund før sluttsignalet.
Dermed ligg vi på andreplass på tabellen med 11 poeng. BSI2 har 12 poeng med ein kamp meir spelt. Og no har Førde att berre heimekampar, så topplassen er absolutt innan rekkevidde.
Måla til Førde: Lars Engen Skadal 10, Daniel Kvidahl 9, Thomas Niiranen Hamre 6, Ole Kristian Gjerstad 5, Ole Jørgen Ravnøy Olsen 2, Robin Marvik Gjesdal 2.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste frå Førde IL - Handball

Hurra! Vi er over streken!
25.03.2023

Jubel etter tap mot Florø
23.03.2023

Slår vi BSI og Årstad igjen?
22.03.2023

Vi plukkar poeng - "imponert over jentene"
19.03.2023

Kampen mot Nærbø blir viktig
14.03.2023

Opprykket er i boks!
13.03.2023