Rett mann på rett plass

Postet av Førde IL - Handball den 6. Feb 2023

Førde IL Handball har slite litt med å stille med nok dommarar, og difor var det viktig å finne ein dommaransvarleg som kunne få orden på dette. Og då var det naturleg å spørje Terje Holvik.

- Eg var ikkje i tvil då eg fekk spørsmålet. Eg har lang erfaring som dommar, eg har både formell og praktisk kunnskap. Eg dømmer kampar rundt om i heile tidlegare Sogn og Fjordane, og eg ser kor stor trong det er for å rekruttere fleire til å dømme kampane, seier Terje.

53-åringen er gløppar, og han representerer framleis moderklubben STIL (Sandane Turn og Idrettslag) når han dømmer, sjølv om han har budd i Førde sidan 1999.

- Eg tok til å spele handball då eg var 12 år, men vi var allsidige og dreiv med fleire idrettsgreiner. Etter kvart vart det mest handball, og eg spelte til eg var 27 år. Men eg starta tidleg med å dømme fotballkampar, alt som 12-åring, saman med Steinar Holvik, som seinare vart fotballdommar på høgt nivå. Handball tok eg til å dømme då eg var 16.

Og der har Terje satsa mykje tid og krefter.

- I 2002 starta eg og Kjetil Hansen på eit utdanningsløp i Handballforbundet, eit veldig tidkrevjande løp. Vi var ti par som starta då, eitt av dei er i dag det beste i landet, dei dømmer m.a. i VM.

- Det meste prellar av

Sjølv har Terje dømt i 1. divisjon. I dag er det stort sett 3. divisjon og aldersbestemt handball det går i. For tida dømmer han mest i lag med Torstein Kvam frå Jotun, snart 73 år og framleis going strong. Og Terje har ikkje tenkt å gi seg med dømming, sjølv om det av og til kan gå ei kule varmt.

- Det meste av kjeft prellar av, sjølv om det til tider kan bli i meste laget. For det meste er det moro å vere dommar, og det er det vi prøver å formidle til dei unge som no har sagt ja til å ta dommarutdanning. Eg ser ingen grunn til å gi meg, det er god gubbetrening og hjernetrening.

Ti på dommarkurs

Det første resultatet av Terje si gjerning som dommaransvarleg er at Førde no har ti unge som har teke til på Dommar 1-kurs. I tillegg har vi veteranen Jan Erik Odden som framleis dømmer kampar. Terje meiner det er ein fordel for unge handballspåelarar å ha dommarerfaring.

- Dei tener på det, både som spelar og dommar. Eg ser at dei som har dømt kampar ofte er i forkant som spelar. Og eg har som mål å få dei til å bli ivrige og ambisiøse. Vi må skape eit dommarmiljø, vi skal treffast og utveksle tips og gode råd.

I tillegg til dei ti på Dommar 1-kurs har vi tre 14-åringar som er barnekampleiarar. Dei er flinke og ivrige, og vil nok gjennomføre Dommar 1-kurs når dei fyller 15 år.

Starta Førde United

Terje er utdanna vernepleiar, har hatt Førde kommune og no Sunnfjord kommune som arbeidsplass og har jobba med psykisk utviklingshemma. Det er litt av bakgrunnen for at han starta Førde United.

- Eg jobba 50 prosent i Handballforbundet og vart kjend med Gullserien. Eg kjende mange som eg visste ville ha glede av å vere med på handball. Det finaste eg har vore med på innan handball var då spelarane på Førde United fekk drakter. Det er stort for dei å gå rundt i kle med klubbeffektar og kjenne på klubbkjensla.

Terje Holvik som lagleiar for Førde United.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.