Kom og lag stemning i Førdehuset!
Lagt ut av Førde IL - Handball den 1. Feb 2023
Søndag 5. februar klokka 13 spelar damelaget vårt ein veldig viktig kamp i 2. divisjon. Motstandar er Sola 2, som har vunne 11 av sine 14 kampar denne sesongen. Vi er nest sist og treng sårt poeng. Difor treng vi heilhjarta støtte frå tribunane.
Vi inviterer difor til kjempestemning i Førdehuset. Still eit supporterlag og ver dei som skaper mest stemning på tribuna. Det laget som lagar mest stemning og moro vinn fire gåvekort frå vår sponsor Coop Extra på kr 250 pr stk. Ta med deg vener, foreldre, besteforeldre, tanter, onklar, kollegaer, naboar etc. Gjer som Roger Klakegg og Rune Øksenberg, ta på deg artige effektar og ta med supporterutstyr til kamp!
Alle som stiller supporterlag kjem gratis inn. Har du ikkje supporterutstyr har vi mange forskjellige hattar (som i VM) og effektar som du kan kjøpe i inngangspartiet før kampen. Elles kan du kle deg ut i det du har i skåpet
Velkomen på kamp og til veldig god stemning for å heie damene våre fram til siger!
Damene lovar å gi alt, og får til litt ekstra når dei får god støtte frå heimepublikum.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste frå Førde IL - Handball

Hurra! Vi er over streken!
25.03.2023

Jubel etter tap mot Florø
23.03.2023

Slår vi BSI og Årstad igjen?
22.03.2023

Vi plukkar poeng - "imponert over jentene"
19.03.2023

Kampen mot Nærbø blir viktig
14.03.2023

Opprykket er i boks!
13.03.2023