Tuva og Oda lyspunkt mot Ålgård

Postet av Førde IL - Handball den 23. Okt 2022



Førde-Ålgård 25-37 (12-19): Oda Vindheim kriga inn åtte mål og vart kåra til vår beste spelar i kampen mot Ålgård. Tuva Tefre Kalstad noterte seg for seks mål frå høgrekanten sin, og ho var saman med Oda lyspunkta på eit heimelag som tidvis sleit tungt mot eit lag som er mellom favorittane i 2. divisjon.

Ålgård rykte ned frå 1. divisjon sist sesong og hadde vunne alle sine kampar før oppgjeret i Førdehuset.

Kampen starta dårleg for heimelaget. Ålgård hadde sett inn seks mål før vi fekk vekk nullen på måltavla. Men frå 4-11 jamna det seg ut, Ved pause var det framleis sjumålsleiing til Ålgård, 12-19.

Men starten av andre omgang var vel så svak for våre jenter som starten av første. Rett nok fekk vi første målet i omgangen, men deretter scora Ålgård 10 mål før vi igjen fekk målkjenning. Tekniske feil, dårlege pasningar og svake avslutningar gjorde det lett for bortelaget.

Men andre halvdel var ei positiv oppleving, vi gjekk frå 13-29 til 23-33, og enda til slutt 12 mål bak.

Trenar Øyvind Indrebø summerer opp kampen slik:

- Vi møter eit godt lag, og så blir det for ujamt. I dei periodane vi greier å gjere oppgåvene i forsvar, blir Ålgård ordinære, og vi greier å springe. Men det er for store delar av kampen der det er nivåskilnad. Vi greier ikkje å fylgje deira prestasjonar.

Han tek med seg det positive, at vi var godt med i periodar.

- Ålgård er eit lag vi må bruke som trening for å bli betre, for dei er betre enn oss. Om vi taper med åtte, ti eller tolv mål spelar liten rolle. Vi må forlenge dei gode periodane våre, og så må vi ha fokus på etablert angrepsspel, der er vi ikkje på det nivået vi bør vere. På dette nivået blir vi hardt straffa for tekniske feil, dårlege val og for tidlege avslutningar.

På plussida tek Øyvind med seg at Tuva Tefre Kalstad gjorde ein flott kamp på høgrekanten.

- Ho har hatt ei kjempeutvikling frå i fjor, og tek nye steg. Ho er uredd, tenkjer ikkje konsekvensar og klinkar til når ho har sjansen. Ho hadde ein kjempekamp, rett og slett.

Måla til Førde: Oda Vindheim 8, Tuva Tefre Kalstad 6, Emma Gloppestad 5, Benedicte Frøyen Bergset 2, Alexandra Gabriela Afloarei 2, Maren Totland Aase 1 og Maria Therese Kirkhorn 1. 

På Ålgård vart Frida Pandaree Hillesøy kåra til beste spelaren. Malin Dueland Iversen vart toppscorar med 7 mål.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.