Dagfinn er på plass heile helga

Postet av Førde IL - Handball den 27. Aug 2022

Frå før første kampen fredag til ei god stund etter siste kampen søndag er Dagfinn Vik på plass i Førdehuset, der han held auge med at arrangementet går som det skal. Han fører inn resultata på den store tavla i foajeen, både kampane i Førdehuset og dei han får inn via telefon frå Halbrendshallen. Men sjølv meiner han at det var før Extra Førde Cup kom i gang han hadde det meste av arbeidet sitt.

- I heile august har eg jobba med kampprogrammet, ringt lag og dommarar, sendt epostar og etter kvart plotta inn dei 191 kampane. No er det andre som gjer det meste av jobben.

Uansett har turneringa så langt gått knirkefritt. Dommarane Kjell Ove Forthun og Reidun Myrland frå Årdal tek ein pust i bakken med pizza frå Dolly Dimples på Førde Ungdomsskule. Dei har berre lovord etter å ha dømt sju av sine 17 kampar denne helga.

- Det er tydeleg at det er gjort ein god jobb med arrangementet, seier Kjell Ove.

Ein av dei viktigaste suksessfaktorane på ei slik turnering er maten. Den har Mona Masdal Øksendal overoppsynet med. Og det er ikkje småtteri ho og medhjelparane hennar har forsynt spelarane med. Klokka fire laurdag var rundt 200 pizzaer klare, halvparten av dei frå Dolly Dimples, resten steikt av foreldre til Førde-spelarane.

Men det er frukostane som krev mest arbeid. Det går med 50-60 brød kvar frukost, 200 egg til eggerøre, ti agurkar for å nemne noko, alt var oppete. Og aller mest populære var svelene som var laga av 12 liter kefir. 

- Det vart fort tomt, seier Mona. Ho fortel at det er kjøpt inn mat for rundt 100.000 kr. Og så langt har dei berre fått vellæte for maten.

Extra Førde Cup er eit enormt dugnadsløft, der det meste som kan krype og gå i Førde Handball gjer sitt. Ikkje minst krev det sitt å sitte i sekretariatet. Laurdag ettermiddag var det Laila Tefre og Kjersti Erichsen som tok seg av det i Førdehuset.

Blide jenter frå Florø slappar av mellom kampane.

Maskoten frå Sunnfjordparken var populær.

16-årsjentene til Førde klare til kamp.

Førdejenter i kamp mot Mathopen.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.