Sommarhelsing frå styret

Postet av Førde IL - Handball den 13. Jul 2022

Kjære alle handballvener.

Sommaren er her for fullt, ein velfortent ferie er allereie i gang for mange, og nokre skal snart til.

Det har vore krevjande for Førde IL Handball på mange område i den sesongen vi har bak oss. Pandemien gav oss uante problemstillingar, men alle desse har blitt tatt tak i og løyst etter beste evne frå alle. Dei same utfordringane gjeld også for mange andre klubbar rundt oss i landet.
 

Det er inspirerande å sjå den ståpå-viljen, engasjementet og ikkje minst iveren frå alle involverte i klubben.

Våren har vore brukt effektivt til å halde damelaget i 2. divisjon. Dette er svært viktig for oss, slik at vi kan ha eit lag som yngre spelarar strekker seg for å nå. Det er eit viktig og stort steg for mange håpefulle at vår klubb er eit springbrett til andre klubbar høgare oppe i divisjonane og kanskje ein dag få nå ut i den store verda. I tillegg gir det oss og mogelegheiter vi treng i lag med samarbeidsklubbane rundt oss.

For å skape god nok rekruttering til damelaget og eit herrelag i framtida, er vi heilt avhengig av å ha gode årskull dei komande åra. Her har det vore gjort mykje bra arbeid, men vi kan ikkje stikke under ein stol at det er mykje arbeid igjen for å kome dit vi ynskjer. Difor er vi veldig glade for at Øyvind og Ole har tatt på seg jobben med å lage gode system og rutiner for trenarar, oppmenn/kvinner og spelarar.
 

Den viktigaste rekrutteringskanalen vi har er ungane som deltek i handballen. Er desse fornøgde så spreier dette seg, og vi får fleire av deira vener inn i vårt gode miljø. Vi treng fleire ungar til vår idrett, så dette er ein kontinuerleg prosess. Der spelar du ei sentral rolle. Du med ditt kontaktnett kan vere avgjerande for oss i det å skaffe fleire spelarar, oppmenn/kvinner, trenarar, dommarar, styremedlemmer, frivillege og sponsorar som kan vere med å utvikle klubben vidare. Kjenner du nokon som vil vere med, så be dei ta kontakt med oss i styret.

Vi har og ei viktig oppmoding å komme med. Sponsorane våre er heilt avgjerande for at vi skal drive klubben. Desse må vi vere lojale mot, elles vil dei ikkje fornye kontraktane sine. Vi er svært takksame for at dei støttar oss. Dei siste som er på plass og fornya avtalane med oss er Sparebanken Vest, Fjordprofil og Førde Vulk. Tusen takk til alle sponsorane våre, vi set stor pris på dykk alle.

Så lad batteria til ein ny og spennande sesong og nyt sommaren til fulle! Vi gler oss til å møte dykk alle saman igjen.

 

For styret

Rune Øksenberg

styreleiar  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.