Samhald og klubbkjensle på cup i Bergen

Postet av Førde IL - Handball den 3. Jul 2022

J16 og G16 reiste til Bergen på ein cup som blir spelt utandørs på kunstgras og med sprayklister, der fokuset var det sosiale og få ei god cupoppleving. Og det vart innfridd til dei grader! Hos jentene vart alle 10 spelarane med, saman med Ole Kristian Gjerstad og Kjersti Erichsen som lagleiarar. Med seg hadde dei også den supre og uunnverlege multitaskaren Sissel Bruland Gurvin som overnatta med jentene og sørga for at dei hadde alt dei trengde til ei kvar tid.

 J16 kom til finalen i B-sluttspelet der dei knuste Tertnes1 18-12. Dette var ein sterk siger, der alle jentene var ekstremt på, storspelte og viste at dei verkeleg kan spele god handball. 

 

Gutane hadde med seg Kristian Henden som lagleiar, og han sørga for at dei 9 gutane var påskrudde, klare til kamp og at dei hadde alt dei trengde. Den fantastiske oppkvinna gjennom alle åra gutane har spelt handball, Hilde Lauritsen, hadde sørga for at alt var organisert og på stell for gutane og Kristian. Gutane starta forsiktig i første kamp, men heva seg betrakteleg og viste at dei er eit godt handballag, med god tenning, godt humør, gode lagspelarar som støttar kvarandre og som verkeleg kan spele god handball. Gutane tok seg vidare til kvartfinale i A-sluttspelet, men der vart det eit veldig surt 2-måls tap, sjølv om gutane våre var det beste laget. 

 

Laga har støtta kvarandre og vore fast heiagjeng for kvarandre under alle kampane, med store høgtalarar og mikrofon. Samhaldet i begge laga har blitt sterkare og ikkje minst mellom J16 og G16, dette har vore rørande å sjå. Samtlege spelarar har vore gode representantar for Førde både på og utanfor bana, der dei har fått mykje skryt av arrangørane av cupen. Det er ein blid, høfleg og spøkefull gjeng som utan tvil kjem til å bite frå seg neste sesong. No gler alle seg til Førde Cup i august og ikkje minst til neste sesong, der begge 16 års laga er ekstremt motiverte og klare for å spele mykje god handball og vere kvarandre sin største heiagjeng.

Tekst og foto: Merethe Solheim Klakegg.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.