Jubel i Bergen: Plassen er berga!

Postet av Førde IL - Handball den 15. Mai 2022

Kjøkkelvik-Førde 18-28  (10-15): Martine Vindheim vart toppscorar med åtte mål då vi endeleg sikra oss vidare opphald i 2, divisjon. Etter ein jamn start på kampen i Olsvikhallen drog Førde frå mot slutten av første omgang, og etter pause var det ikkje mykje tvil om kva lag som var best. Det enda til slutt med utklassingssiffer.

Sportsleg leiar Oddny Sønnesyn fortel at jentene leverte ein fantastisk kamp.

- Dei var på frå første sekund. Andrea Boge Solås stod som ein vegg i mål, Alexandra Afloarei og Maria Oppedal tetta i midten, og heile laget sprang og sprang. Vi spelte ein tredel av kampen med ein eller to spelarar mindre, men jentene heldt fokus og jobba som berre det. No er vi letta og veldig glade.

At motivasjonen og innsatsen var på topp viser talet på tominuttarar. Dommarane sende Førde-spelarar til benken åtte gonger, medan Kjøkkelvik berre hadde ei utvising. Det fortel også at dommarparet ikkje kan skuldast for å vere bortedommarar, men denne søndagen kunne ikkje slikt stanse Førde-jentene.

Måla til Førde: Martine Vindheim 8, Maria Oppedal 6 (2 på straffe), Emma Gloppestad 5, Oda Vindheim 4, Veslemøy Risnes Kjønås 3, Agnete Ørnehaug 1, Alexandra Afloarei 1.

Heia Førde! No kan vi sjå fram til 2. divisjonsspel også sesongen 2022/23.

Tekst: Kjell Arvid Stølen

Foto: Oddny Sønnesyn


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.