Her finn du all informasjon om Førde Handball Cup 2022

Postet av Bernt Ove Berntsen den 11. Mai 2022

Førde IL – Handball inviterer til Førde handball Cup 26.-28. august, ei turnering open for alle lag tilslutta Norges Håndballforbund, og etter NHF`s reglement.

Turneringa er meint som ein "Kick off " før sesongstart for spelarar, trenarar og dommarar. (Ved liten påmelding i ein oddeklasse – får laga tilbod om å delta i klassen over) 

Vi lovar ei innhaldsrik handballhelg i Førde denne helga. 

Kampane vert avvikla i Førdehuset og Halbrendshallen, og overnatting vert på Førde Ungdomskule og Halbrend skule. Dersom stor pågang er det aktuelt at nokre innleiande kampar laurdag vert avvikla i Naustdal (då senior/evnt. 16 års kampar) 

I tillegg til dei sportslege aktivitetane, vil vi ha sosiale aktivitetar for store og små gjere dette til ei minnerik helg i Førde. For dei som treng ekstra utfordringar, vert også Førde Opp arrangert denne helga: http://fordeopp.no


Klasseinndeling (enkelte klassar kan bli slått saman om lite påmeldingar i årstrinn):

J10 - 2012 og yngre    G10 - 2012 og yngre

J11 - 2011 og yngre    G11 - 2011 og yngre

J12 – 2010 og yngre    G12 – 2010 og yngre

J13 - 2009 og yngre    G13 - 2009 og yngre

J14 - 2008 og yngre    G14 - 2008 og yngre

J15 - 2007 og yngre    G15 - 2007 og yngre

J16 – 2006 og yngre    G16 - 2006 og yngre

J18 - 2004 og yngre

Kvinner Senior 3. divisjon og lågare

G18 – 2004 og yngre

Menn senior 3. divisjon og lågare





Spelesystem: 

Innleiande kampar vert spelt i puljar med fortrinnsvis 4 lag og spelt som seriesystem.

Alle laga er garantert minimum 4 kampar. Klassane J/G 13 og eldre går til sluttspel og finalespel. 

Planlagt speletid pr. kamp: t.o.m. 11 og 12 år 1x 15 min, andre 1x 20 min


Påmelding:

All påmelding skjer HER 

Siste frist for påmelding/turneringsavgift er 1.Juli 2022. 

Eventuelle spørsmål knytt til kampoppsett: dagfinn.vik@enivest.net (evt: sissel@brulandtrevare.no)

Vi tek atterhald om at turneringa kan bli fullteikna, så ver rask og meld deg på. Turneringsavgifta venter vi med å ta imot til vi er sikre på at turneringa vil kunne gjennomførast. 

Turneringsavgift (påmeldingsavgift):

    Kr 1.350,- pr lag 

Deltakarkort (1 leiar gratis pr. lag):

A-kort: Kr 350,- (inkl. diskotek laurdag kveld og andre aktivitetstilbod (alle må ha minimum A-kort) 

B-kort: Kr 990,- som A-kort – med tillegg av 2 overnattingar på skule, samt frukost og middag laurdag, og frukost og lunsj søndag. 

Evnt.: Kr 85,- i tillegg for kveldsmat fredag (må tingast på førehand). 

1. august er frist for å bestille/betale deltakarkort/tenester, samt registrere tal spelarar og lagleiarar seinast 20. august.

Alle påmeldingar og innbetalingar skal utførast i Profixio (sjå lenkje lenger oppe under påmelding).
Alle spelarar som deltek på cupen får kvar si t-skjorte.  Oppgjev samla tal og storleik ved påmelding for laget ditt. 

Overnatting: Det vert overnatting på skular i nærleiken av hallane. Lag som overnattar er sjølve ansvarlege for å klargjere klasseromma til overnatting, samt rydde klasseromma tilbake før avreise.
Romma skal vere rydda ut til kl. 12.00 søndag. På skulane vert det kontinuerlig vakthald. 

Vi ynskjer at alle spørsmål kring cupen vert stilt på mail til randi.bekken@sunnfjord.kommmune.no
(evt facebook)


Følg oss på Facebook for oppdatert informasjon undervegs. 

Førde Handball Cup 2022

Førde IL Handball

Førde Handball 2. divisjon damer


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.