Rune er den nye leiaren vår

Postet av Førde IL - Handball den 3. Mar 2022

På årsmøtet onsdag 2. mars vart Rune Øksenberg vald til ny leiar i Førde IL Handball. 

- Eg sa ja etter å ha tenkt meg om ein dag, fordi eg ser på det som ei interessant oppgåve. Eg har ei dotter som spelar handball, og eg ser at handballen har eit fantastisk godt tilbod til dei unge. Difor vil eg bidra litt tilbake. Eg vil vere med på å styre retninga for Førde IL Handball, prøve å få damelaget opp på øvre delen av 2. divisjonstabellen, samstundes som vi syter for å ha god breidde og god rekruttering, seier den nyvalde leiaren.

Rune er sjef på OBS Bygg i Førde, og er familiemann med kone og to born.

Han overtek som leiar etter Geir Eikås, som sa frå seg attval. Det same gjorde Sissel Bruland Gurvin. Dei to har gjort ein kjempejobb dei to siste åra med å rette opp økonomien i Førde IL Handball. Frå å ha ein negativ eigenkapital på ein halv million for to år sidan, kunne dei på årsmøtet presentere ein rekneskap med over ein halv million i overskot, og med ein positiv eigenkapital på over 800.000 kr. Ein del av dette skuldast mindre utgifter som fylgje av koronapandemien, men også svært mykje målretta og nøktern økonomistyring, og godt arbeid med å gjere nye avtalar med sponsorane våre.


Geir og Sissel vart takka av med velfortente blomsterbukettar på årsmøtet i Hafstadparken. Ut av styret går også Henrik Nordal. Han var ikkje til stades på årsmøtet.

Det nye styret i Førde IL Handball er i tillegg til leiar Rune Øksenberg samansett slik: Merethe Solheim Klakegg (nestleiar), Laila Tefre, Harald Seljesæther, Kjell Arvid Stølen, Ingvill Hafstad (ny) og Randi Bekken (ny).

Om du vil lese årsmeldinga til Førde IL Handball, kan du gjere det ved å klikke på denne lenka: https://1drv.ms/w/s!Avlssd7PJfydqmc-GMoRwlXdpU0A?e=nXUnVd


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.