Dei yngste får spele - damene må vente

Postet av Førde IL - Handball den 14. Jan 2022

Jenter 11 kan snart spele kam igjen, medan damene må vente.

 

Regjeringa har letta på koronarestriksjonane for idretten, og det gjer at dei  som spelar aldersbestemt handball kan kome i gang att med kampar. Men i seniorklassane er det berre 1. divisjon som har fått klarsignal. Det betyr at damelaga våre i 2. divisjon og 4. divisjon må vente på neste eventuelle endring i restriksjonane.

Dette er kjipt, seier sportsleg leiar i Førde IL Handball, Oddny Sønnesyn.

- Det pågår forhandlingar mellom NHF og helsestyresmaktene om at 2. divisjon kan kome i gang att, så førebels ventar eg og ser kva det fører til. Men det er kjipt og etter mi meining feil på noverande tidspunkt å ikkje la vaksne trene som normalt. Men må vi vente, så må vi det.

Når dei eventuelt får klarsignal, må det trenast i to veker før dei spelar kamp igjen.

Sportsleg leiar Oddny Sønnesyn og trenar Øyvind Fougli Vraalsen får ikkje sjå laget i kamp på ei stund.

 

Det uroar handballpresident Kåre Geir Lio at det berre er dei to øvste divisjonane på seniornivå som har grønt lys.

At ein stor del av laga på seniornivå framleis må vente på å trene som normalt og spele kampar, bekymrar oss. Denne gruppa har vore veldig skadelidande gjennom heile pandemien. Til sjuande og sist handlar dette om folkehelsa, både den fysiske og mentale. Det skuffar meg at politikarane ikkje prioriterer langsiktig tenking, sier Lio til Handball.no.

Alt i morgon kan Førde sine G14 og G16 spele seriekampar, begge borte mot Gloppen. Søndag 16.1. skal G10 spele mot Florø og Florø3 i Førdehuset og G16 borte mot Gloppen 2. 

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline