Ekte handballglede i TH-serien

Postet av Førde IL - Handball den 25. Nov 2021

Førde sitt lag i TH-serien, helst kalla Førde United, (tilrettelagt handball) fekk storbesøk sist laurdag. 

I denne serien har vi alltid ei avsluttande regional turnering, vanlegvis i april. Vanlege rundar, gjerne fem i løpet av sesongen, består gjerne av lag frå Sogn og Fjordane som spelar seg imellom.

Men den avsluttande runden er som regel litt storstilt, og lag frå heile regionen samlast vekselvis i Førde og Bergen. 

I 2020 vart Førde sitt arrangement avlyst pga covid-19, og sist helg var meint som ei «erstatning» for den helga i fjor.

Vi fekk besøk av følgjande lag: Bergsøy (Fosnavåg, einaste lag i sitt fylke), Sotra, Vadmyra, Bjørnar, Skavøypoll, Dale og Florø. 

Dei fleste kampane går på stor bane, men tidvis tilpassar ein til ferdigheitsnivå og nyttar kort bane, eller minibane. Alle lag spelar to kampar i løpet av dagen. Det var lagt inn eit måltid midtvegs.

Tilrettelagt handball er eit fantastisk konsept, som verkeleg fremjar NHF sine verdiar: Begeistring, innsatsvilje, respekt og fair play. Trenarane sine ambisjonar er å sjå til at kampane blir spennande og kjekke. Speleregulerande tiltak vil vere aktuelt undervegs, dersom eine laget leiar med meir enn 4-5 mål, eller dersom eit lag strevar med å i det heile få ballen i mål.

I Førdehuset laurdag var det stor glede å spore hjå samtlege lag. Det er befriande å vere i gang igjen etter at meir enn eitt år har gått tapt handballmessig. Dette synte og igjen på innsatsen, som var svært god, og laga visste å juble når det vart siger. TH-serien er idrett på sitt vakraste.

TH-serien har i Sogn og Fjordane utvikla seg mykje. I starten for ti år sidan var det forsiktig oppstart av Førde-gjengen, som kvar gong måtte til Bergen, Os eller Arna for å spele kampar. Gradvis har det blomstra opp lag rundt oss. No er vi fire lag i gamlefylket. Det er kome signal om at Gloppen er i startblokka med eit lag.

Tekst: Terje Holvik, foto: Terje Holvik og Sissel Bruland Gurvin.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.