Oppløftande trass tap mot Fyllingen

Postet av Førde IL - Handball den 20. Nov 2021

Førde-Fyllingen 27-32 (13-18): Med tanke på at vi møtte eitt av topplaga i 2. divisjon, var kampen i Førdehuset laurdag eit klart steg framover for heimelaget. Det trass i at laget onsdag fekk beskjed om at Jeanette Øksenberg er ute resten av sesongen på grunn av ein kneskade. I tillegg var Emma Gloppestad og Benedicte Frøyen Bergset ikkje tilgjengelege denne helga. 

Men denne gongen gjennomførte Førde-jentene ein heil kamp om ein ser bort frå nokre korte periodar med småslurv og dårlege avslutningar. Poeng vart det ikkje denne gongen heller, men det var ein godt nøgd gjeng som gjekk av bana.

Trenar Øyvind Fougli Vraalsen smilte godt etter sluttsignalet.

- Dette var oppløftande, vi spelte faktisk jamnt med dei etter pause.

Kampen vart ein halv time forseinka fordi Fyllingen syntest golvet var for glatt. Det vart ordna. Førde fekk ikkje den beste starten, Fyllingen netta tre gonger før heimelaget fekk vekk nullen på måltavla. Men derifrå var jentene påskrudde, og Fyllingen fekk aldri det heilt store forspranget. Rett nok var avstanden oppe i sju mål, men to kjappe Førde-kontringar i sluttminuttet gjorde at det stod 13-18 ved pause.

I andre omgang var avstanden ei stund nede i fire mål, men det enda med femmålstap, 27-32.

Kaptein Oda Vindheim gjekk i bresjen med pågåande og godt angrepsspel, ho vart toppscorar med 8 mål og vart kåra til Førde sin beste spelar. Premien var ein kniv frå kampsponsor Magne Hafstad AS, kanskje eit symbol på at laget har skjerpa seg....

Dei andre måla til Førde vart scora av desse: Martine Vindheim 4, Veslemøy Risnes Kjønås 4, Berenice Halvorsen 4 (3 på straffe), Ingrid Sofie Indrebø 4 (1 på straffe), Regine Boge Skadal 1, Rebekka Ølmheim 1 og Oda Hage Lambrechts 1. 

Kaja Mørner Melander var toppscorar for Fyllingen. Ho vart også kåra til beste spelaren på Fyllingen, som no toppar tabellen, rett nok med fleire kampar spelt enn Åsane. Førde er framleis under streken med sine tre poeng. Eit lyspunkt denne laurdagen var at Kjøkkelvik tapte mot Ålgård 2 og framleis står på tre poeng.

Oda Vindheim får bestemannsprisen av Geir Eikås.

Berenice Halvorsen sette inn tre straffekast.


Ingrid Sofie Indrebø noterte seg for fire mål.

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline