Jeanette er ute resten av sesongen

Postet av Førde IL - Handball den 18. Nov 2021

Skaden Jeanette Øksenberg fekk i kampen mot Stavanger viser seg å vere så alvorleg at ho ikkje kan spele handball att før om eitt år.

- Fremre korsband er avrive, begge leddbanda er strekte, det eine er nesten av, det er også teikn til skade på bakre korsband, i tillegg til meniskskade, seier den uheldige Dale-jenta, som nett var komen i gang med spel for Førde igjen. Ho var ikkje med frå sesongstart.

- Eg har trent styrke på Spenst, og vart med på nokre treningar for å kjenne etter om det var gøy med handball igjen. Det var det. 

Difor melde ho seg til teneste for 2. divisjonslaget og gjorde comeback heime mot Ålgård. Det gjekk så bra at ho vart kåra til den beste spelaren på Førde. Men i neste kamp, mot Stavanger i Fjalerhallen, var det bråstopp i det 12. minutt.

- Eg kjende med ein gong at det var alvorleg då eg fekk ein kraftig vridning i kneet. 

Og no har ho fått fasiten. Det blir ein omfattande kneoperasjon, og handballspel kan ho sjå langt etter denne sesongen, og truleg også starten av neste.

Det unge og urutinerte Førde-laget kunne ha trengt rutinen og skotstyrken til Jeanette, men slik blir det ikkje. I kampen heime mot Fyllingen laurdag er det også usikkert om kaptein Oda Vindheim kan spele.

- Ho fekk ein skade i ryggen i bortekampen i Bergen sist laurdag, og ho måtte gi seg på treninga onsdag. Ho har vore til fysioterapeut att i dag, så vi håpar ho kan bli klar, seier mor og sportsleg leiar Oddny Sønnesyn.

Tekst: Kjell Arvid Stølen

Foto: Arkiv


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline