Trenar Øyvind: Det skal ikkje skje igjen

Postet av Førde IL - Handball den 21. Okt 2021

Ein betenkt trenar såg at Førde fall saman i andre omgang mot Årstad.

 

Søndag 24. oktober er det klart for ein ny heimekamp i Førdehuset. Motstandar er Kjøkkelvik. Trenar Øyvind Fougli Vraalsen var svært betenkt over det han såg i andre omgang mot Årstad sist laurdag. Etter å ha storspelt i første omgang og sikra ei leiing på sju mål til pause gjekk det skikkeleg skeis i andre omgang. Det enda med eit tomålstap.

- Vi hadde trening tysdag, då prøvde vi å snu det negative frå laurdagen til det positive. Her er vi godt i gang, og vi er samde om at dei siste 30 minutta mot Årstad har vi lært av, og det skal ikkje skje igjen, seier Øyvind.

Han siterer medtrenar Ole Kristian Gjerstad, som sa til jentene: Vi skal ta med oss det positive og lære av det negative.

- Vi er framleis eit lag i utvikling, og vi er alt godt i gang med å førebu oss inn mot ny kamp. Vi er inne i ein tung kampperiode med kampar på rekke og rad, så vi må kome oss inn i ein god flyt for å ta dei poenga vi fortener, seier Øyvind.

I kampen mot Årstad var ikkje Benedicte Frøyen Bergset med på grunn av sjukdom. Ho er klar igjen til kampen på søndag. 

Kjøkkelvik ligg nest sist på tabellen med null poeng på sine fire første kampar, medan Førde er på åttandeplass med sine tre poeng. 

Jentene er klare til å revansjere det sure tapet mot Årstad.


Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen.

 

 


 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline