Samarbeid skal gi ny slagkraft

Postet av Førde IL - Handball den 16. Jun 2021

Heile gruppa samla i Jølstrahallen.

Frå laget som spelte i 2019/2020-sesongen er berre tre spelarar att: Andrea Boge Solås i mål, og systrene Martine og Oda Vindheim.  Martine skal flytte til Bergen, men vil vere med på å få i gang att laget.  Men for å få eit slagkraftig lag håpar Førde IL Handball på samarbeid med andre klubbar i Sogn og Fjordane. Laurdag  12. juni var difor spelarar frå Førde, Florø, Dale, Gloppen og Sogndal samla i Jølstrahallen under leiing av trenar Øyvind Fougli Vraalsen.

Sportsleg leiar Oddny Sønnesyn og trenar Øyvind Fougli Wraalsen på treningssamlinga i Jølstrahallen.

Sportsleg leiar i Førde Handball, Oddny Sønnesyn, seier at dei legg lista lågt med tanke på 2. divisjon 2021/22.

- Målet er å få etablert eit nytt lag og å halde oss i divisjonen. Vi veit lite om nivået til dei andre laga i avdelinga vår, og tilstanden deira etter koronapausen. Tidlegare erfaring tilseier at det er stor nivåskilnad mellom topp og botn i 2. divisjon, så vi håpar at vi greier å ta nok poeng til å fornye kontrakten.

Av dei spelarane som var med på samlinga i Jølstrahallen er det særleg fem unge jenter som Oddny Sønnesyn ser på som spennande talent som på sikt kan få moglegheiten i 2. divisjon:

  • Frå Dale: Regine Boge Skadal (f. 2003) (ja, ho er veslesøstera til Andrea og Kjerstin). Ho synte på samlinga fram gode hoppskot og frispelingar av kantspelarar. Ho har god fysikk, harde skot og god speleforståing, Ho kan spele både venstre bakspelar og midtback.
  • Frå Gloppen: Emma Gloppestad (f. 2004). Primært bakspelar. Har gode skot og god fysikk.
  • Frå Sogndal: Synne Bakke Dvergedal (f. 2005) (dotter til Tone Bakke og barnebarnet til Svein Bakke, som i tillegg til fotballegende var ein god handballspelar). Ho kan spele både back og på strek. Gode skot og sterk fysikk, er ei høg  jente.
  • Frå Florø: Bernice Halvorsen (f. 2003). Primært bakspelar. God på finter og gjennombrot.
  • Frå Førde: Amalie Ness (f. 2005). Ei jente med god fysikk. Med eksplosivitet. Kan spele både midtback og kant.

Regine Boge Skadal frå Dale kan gå inn i rolla systera Kjerstin hadde i Førde. Bal t.v. Synne Bakke Dvergedal frå Sogndal.

Parallelt med den sportslege oppkøyringa har det frå styret i Førde IL Handball vore jobba mykje med å få reforhandla eksisterande  sponsoravtalar og med å få nye sponsorar. Dette har resultert i eit bra grunnlag for å gå i gang att med seriespel både for 2. divisjonslaget og for laga i dei aldersavgrensa klassane.

Til treningssamling i Jølstrahallen stilte Coop med mat og drikke. Takk så mykje for det!

Tekst og foto: Kjell Arvid Stølen


Trenar Øyvind Fougli Wraalsen instruerer  spelarar frå Dale og Sogndal.

Andrea Boge Solås held fram som målvakt.

Martine Vindheim er ei av tre som er att frå laget som spelte 1. divisjon.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline