TRUDDE VI SKULLE SLIPPE Å SJÅ DETTE

Postet av Førde IL - Handball den 19. Okt 2020

På Førde si trening i Førdehuset dukka denne profilerte spelaren opp. På krykkjer! – Eg trudde eg skulle vere ferdig med dette, smiler Kjerstin Boge Solås tappert.

Dale-jenta var Norges yngste spelar (18) under handball-EM i 2016, og var spådd ei eventyrleg karriere. Ingen spelarar har verken før eller seinare vore yngre på eit norsk seniorlandslag i handball. Eit lag som dessutan også vann gullet under meisterskapen i Gøteborg. Og superlativa om talentet frå Sunnfjord var på dei fleste sine lepper.

Karriere-brot

Men etter den bragden har skader dessverre prega store deler av karrieren hennar. Men ho innrømmer at begeret var tilnærma fullt då ho var på trening i sin nye klubb, Byåsen, for kort tid sidan plutseleg kjende smerter i høgre kne. Det samme kneet som ho tidlegare har hatt to korsband-operasjonar i.

-Eg hadde så vidt begynt å trene tilnærma normalt igjen etter siste korsband-operasjon. Eg var med på angrepsspelet på klubbtreninga til Byåsen, og tok eit roleg returløp tilbake til forsvar. Då eg hadde snudd meg kjende eg at det rykka til i kneet. Det var ingen andre spelarar i nærleiken av meg, og eg gav meg på den økta med ein gong. Eg håpa sjølvsagt at smerten skulle gje seg. Men det gjorde den dessverre ikkje, fortel Kjerstin Boge Solås og vedgår at det var mange tårar som kom då ho 14 dagar etterpå fekk konstatert at menisken var øydelagt.

- Ja, då kom det tårer. Faktisk mange tårer. Men heldigvis kom eg raskt til på operasjonsbordet, og fredag 17. september vart eg operert på St. Olavs hospital i Trondheim. Så no blir det ei stund på krykkjer. Heldigvis blir eg ikkje ute like lenge med menisk-operasjon som korsbandskadene mine. Det betyr at eg faktisk kan ha eit lite håp om å rekkje slutten av sesongen. Utan at akkurat det er det viktigaste akkurat no. No handlar det om alternativ trening i tida som kjem. Og det har eg blitt ganske flink til, smiler 22-åringen tappert.

På trening

For medan ho ser storesøstra si trene med Førde sitt 2. divisjonslag, kan ho raskt summere si idrettskarriere så langt:

-Etter spel for klubbane Dale og Førde gjekk eg til Tertnes i eliteserien som 16-åring. Eg vart utteken på det norske seniorlandslaget til EM i 2016 som 18-åring. Sommaren 2017 fekk eg øydelagt korsbandet for første gong, og eg var ute omtrent eitt år. Men eg fekk med meg den komande sesongen med Tertnes, seier Boge Solås som imponerte såpas stort som forsvarspelar at ho då vart henta til den ungarske storklubben Siofok. 

- Men under oppkøyringa til sesongen i Ungarn, rauk korsbandet på nytt. Dermed var det ny operasjon og eit års opptrening igjen, seier Dale-jenta som dermed mista både VM og OL-opplevingane med det norske suksess-landslaget.

Tilbake til Norge

- Ja, det er sjølvsagt litt bittert å tenke på kva eg kan ha gått glipp av. Men eg kan ikkje tenke slik. Eg må berre bite tenna saman, seier Boge Solås som denne sesongen vart klar for trønderklubben Byåsen.

- Ja, etter diskusjonar med trenaren min, Tor Odvar Moen, i Siofok vart vi samde at det var betre å ha opptreninga i Norge der eg trass alt har gode erfaringar frå den første korsbandskaden, seier 22-åringen som var klar for Byåsen 31. mars i år.

Så rauk menisken

Men på nytt opplevde Dale-jenta eit nytt skade-mareritt då ho under trening for kort tid sidan øydela menisken sin.

- Dermed ryk ein ny sesong, og sjølvsagt EM på heimebane føre jul. Men eg må berre sjå framover. Eg har god erfaring med å gå på krykkjer, og trøystar meg med at det ikkje blir like langvarig denne gongen. For eg skal tilbake på handballbana. Eg er jo trass alt berre 22 år, smiler Kjerstin Boge Solås tappert der ho ser sine tidlegare lagvenninner på Førde gjennomføre treninga i Førdehuset.

Og kjenner vi Kjerstin rett, så vil ho komme sterkt tilbake.

Vi ønsker ho lykke til i den tøffe perioden som ventar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline