DETTE ER DEN NYE TRENAREN

Postet av Førde IL - Handball den 5. Jun 2020


Torsdag vart Øyvind Fougli Vraalsen presentert som ny trenar for Førde il Handball sitt 2. divisjonslag.



Hilmar Gudlaugsson slutta for ein knapp månad sidan som trenar for Førde, og flytta til Sunnmøre for

å trene 1. divisjonslaget Volda. Men berre ein knapp månad etterpå kunne styreleiar i Førde il

Handball, Rolf Sanne Gundersen, på torsdag presentere Øyvind Fougli Vraalsen som ny trenar.


Lærar på vgs

- Det har gått veldig fort, ja. Sambuaren min er frå Dale, og vi har lenge snakka om at det kunne vere

aktuelt å flytte nærare dit. No bur vi førebels på Sandane, og vi ser på Førde som ein spennande og

flott plass å bu, seier Vraalsen.


For tida er han lærar ved idrettslina på Firda vidaregåande skule på Sandane, og han har det siste

året trent Gloppen sitt damelag.


- Eg er nok over gjennomsnittet handballinteressert, og har trent forskjellige lag sidan eg var 12 år. Så

sjølv om eg er ein ganske ung trenar (30 år), så har eg lang fartstid, smiler Vraalsen som tidlegare har

trent klubbar som Fjellhammer, Lørenskog, Sogndal og Gloppen.


Kjenner spelarar

- Dessutan har eg trent fleire lag på krins- og regionnivå tidlegare. Der vart eg kjent med fleire av

spelarane som kommande sesong skal trene og spele for Førde. Dessutan har eg sett Førde spele

fleire kampar den siste sesongen. For eg er nok ganske handball-interessert, ja, ler Vraalsen som

allereie er i gang med trenargjerninga i Førde.


- Eg har søkt om å få redusert stillinga mi ved Firda vgs, slik at det skal vere mogleg å kombinere med

trenarjobben i Førde. Då vil eg pendle frå Sandane til Førde. Dessutan har vi eit barn på fire månadar som også vil krevje sitt, seier den nye Førde-trenaren.


- Eg gler meg skikkeleg til å komme i gang, og bli godt kjent med spelarane, seier nye-trenaren.


Tekst: Stig Roger Eide

Foto: Privat


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.