FEKK TRENE MED STORKLUBBEN

Postet av Førde IL - Handball den 17. Des 2019

Larvik handballklubb har budd i Førde dei siste dagane, og tysdag kveld trente dei saman med 1. divisjonsklubben Førde. – Klart dette er motiverande for oss, seier Oddny Sønnesyn.

Larvik Handballklubb er suverent den mestvinnande klubben på damesida i Norge, og kan slå i bordet med ei rad titlar både her til lands og internasjonalt. Men etter økonomisk rot i klubben i fjorårets sesong, vart klubben degradert til 1. divisjonsspel i år.

Har vore i Førde

På søndag spelte Larvik 20-20 mot heimelaget Førde, og som førebuing til kampen Larvik skal ha mot Volda førstkomande onsdag har dei blitt igjen i Førde.

- Dei har hatt fleire treningar, og tysdag kveld fekk vi gjennomført ei felles trening med våre spelarar, seier sportsleg leiar i Førde il Handball, Oddny Sønnesyn.

- Vanlegvis er vi ganske få spelarar på trening, men tysdag kveld var det ei nyting å sjå alle dei gode spelarane boltre seg i hallen. Klart dette er motiverande for oss. Ikkje minst fordi dette er spelarar som har ei profesjonell haldning til idretten. Dei har ikkje lenger dei mest kjende spelarane på laget, men i oppgjeret mot Volda onsdag kveld stiller til dømes Gro Hammerseng Edin opp som assistenttrenar. Det fortel litt om satsinga i den klubben, seier Sønnesyn.

Ny Førde-kamp

Sønnesyn ser også at fellestreninga med Larvik HK er ypparleg med tanke på Førde sin eigen kamp mot Fjellhammer onsdag kveld i Førdehuset.

- Vi fekk ein boost med poeng mot Larvik, og håpar sjølvsagt på å avslutte året med ein ny sterk kamp onsdag kveld. Og sjølvsagt håpar vi at folk tek fri frå juleførebuingane nokre timar og kjem til Førdehuset for å sjå god handball. Trur iallfall at dei som var på plass under thrilleren søndag kjem igjen. For dette kan bli veldig god underhaldning, seier Oddny Sønnesyn etter fellestreninga med Larvik HK.

MERK: Førde sin kamp mot Fjellhammer i Førdehuset onsdag kveld har kampstart 17.30.

Tekst og foto: Stig Roger Eide


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.