- DESSE JENTENE KAN SLÅ ALLE

Postet av Førde IL - Handball den 15. Des 2019

Med 20-20 mot seriefavoritten Larvik vart Førde-jentene dei første som har spelt uavgjort mot den ikoniske handballklubben. Og på onsdag møter Førde opprykkskandidaten Fjellhammer.

- Dette Førde-laget overraska oss, og dei kan vere i stand til å slå alle i årets 1. divisjon. Iallfall viss dei presterer like godt som mot oss, seier Larvik-keeper Alma Hasanic Grizovic etter 20-20 i Førdehuset søndag kveld.

Tøft oppgjer

For etter ein jamnspelt 1. omgang, såg det ut til at det meritterte klubben klubben frå grenlandsområdet skulle sikre seg begge poenga. Men etter ein fantastisk sluttspurt av heimelaget, godt støtta av eit entusiastisk heimepublikum, så sikra Førde seg eitt poeng mot det som er forventa å bli eitt av topplaga i årets 1. divisjon.

- Vi trudde ikkje Førde skulle gje oss så mykje kamp. Men dei gav aldri opp, og eg var overlykkeleg då den islandske bakspelaren deira skaut i stolpen med mindre enn eit minutt igjen av kampen. Då fekk ikkje Førde tomålsleiinga dei ville ha, og vi makta å utlikne i sluttsekunda, seier landslagskeeperen til Montenegro som ikkje har delteke i årets VM i Japan då ho har to små barn på 1 og 3 år heime i Larvik.

- Eg får heller sjå om eg skal stå når Montenegro skal møte Norge i kvalikkamp i mars månad, smiler Larvik-keeperen etter poengdelinga i Førdehuset og vedgår at ho vart positivt overraska over Førde-keeperen Ida Drønen.

God keeper

- Ho stod veldig godt, og fekk full fortent tittelen som best på bana. Kjekt å sjå at målvaktene imponerer, seier 30-åringen etter kampen mot Førde.

For Førde sin del, så var oppgjeret mot Larvik eit steg i riktig retning etter tapet mot Fyllingen sist helg. Islandske Birta Run Gretarsdottir spelte ein stor kamp, og vart Førdes mestscorande med seks mål. Kantspelaren Martine Vindheim stoppa opp på fire.

Førde skal ut i ny kamp allereie førstkomande onsdag i Førdehuset. Då ventar nok eit topplag, nemleg Fjellhammer. Og etter denne thrilleren i Førdehuset kjem rimeleg sikkert dei tilskodarane som var i Førdehuset søndag kveld tilbake på onsdag. For dette var underhaldning på høgt nivå. 


Tekst og foto: Stig Roger Eide


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline