PROFILEN NØGD MED SIGEREN

Postet av Førde IL - Handball den 31. Okt 2019

Ei av norsk handball sine store profilar, Tonje Larsen, kunne nøgd sjå at laget hennar Flint Tønsberg slo Førde onsdag kveld.

- Dette var ein kamp som vi raskt fekk kontroll på. Dermed kunne vi skifte inn mange spelarar som til vanleg sit på benken. Vi har eit tøft kampprogram framover og må ta slike omsyn, seier den norske EM-, VM- og OL-vinnaren etter at oppgjeret i Førdehuset endte 20-29 til bortelaget.


Mot eliten

Dermed kunne jentene til Tonje Larsen ta steget heilt opp på toppen av tabellen, og kan sjå ut til å ha stø kurs mot eliten.

- Vi har hatt gode kampar mot gode lag, og har komme oss til semifinalen i NM-cupen. Etter at vi slo ut Sola, så er vi klare for semifinale mot Storhamar om ei veke. Men før det skal vi spele toppkampen i serien mot Volda kommande søndag. Så det var litt godt å få kvilt nokre spelarar utover i kampen, seier Tonje Larsen til Førde Handball sin utsende i hallen.

 

Tok innpå

Det var bortelaget som festa grepet frå start, og var oppe i heile 11-3-leiing før heimelaget fann ut av Flint Tønsberg sitt tempo. Ved pause låg Førde under med åtte mål, og i ein periode var skilnaden mellom dei to laga nede i fem mål. Men etter ein liten sluttspurt avgjorde vestfoldlaget med ein klar nimålssiger.

Førde sin neste kamp er på bortebane mot Charlottenlund i Trondheim til helga.


Tekst og foto: Stig Roger Eide


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline