VART TOPPSCORAR, MEN SPELTE IKKJE KAMPEN

Postet av Førde IL - Handball den 20. Okt 2019

Maria Ullebust Oppedal spelte ikkje kampen, men vart likevel toppscorar då Førde vann 25-26 på bortebane mot Rælingen søndag kveld.

Etter å ha studert kamp-rapporten i oppgjeret mellom Rælingen og Førde, så vart Maria Ullebust Oppedal toppscorar til Førde med sine seks mål (faktisk det samme som Lara Zidek også hadde). Men korleis kan det ha seg at Maria, som framleis er korsband-skada, kan bli toppscorar?

- No har det gått 10 månadar sidan eg vart skadd, og eg har hatt god utvikling på treningane i det siste. Så eg gav melding om at eg kunne vere med, men då berre viss eg fekk ta straffekasta. Og eg har faktisk aldri vore så nervøs før, smiler Maria Ullebust Oppedal etter at ho sette 6 av 7 straffer inn i nettmaskene bak Rælingen-målvakta.

Godt nøgd

- Det er ganske god utteljing, så den er eg eigentleg ganske fornøgd med. Dessutan er eg imponert over den defensive jobben som jentene presterer mot Rælingen-laget som faktisk spelte i toppserien i fjor. Målvaktene våre, Ida Drønen og Andrea Boge Solås, stoppa veldig mange skot, og dessutan jobba alle spelarane som heltar i forsvaret, seier Maria Ullebust Oppedal som håpar å vere tilbake for fullt rundt juletider.

- Kjem eg på bana før den tid, så er det bonus for min del. Det går betre og betre på trening, men det er klart at det er jo noko heilt anna å spele kampar. Så vi får sjå. Men eg har iallfall akseptert at eg kan ta straffene framover, smiler Førde-profilen.

Heime neste

Heimelaget Rælingen leia 12-10 ved pause, men sakte, men sikkert overtok Førde kommandoen utover i 2. omgang. Men det var heile tida svært jamt i Marikollhallen, men då dommarane blåste i fløyta kunne dei rosapynta Førde-jentene omfamne kvarandre i jubelscener.

No ventar heimekamp for Førde då dei møter topplaget Flint Tønsbeg i Førdehuset onsdag 30. oktober.

Tekst og foto: Stig Roger Eide


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline