HAUSTFERIE MED SKULE

Postet av Bernt Ove Berntsen den 9. Okt 2019

Om lag 50 unge handball-spelarar har nytta haustferien til å vere med på Extra Handballskule i Førdehuset. Det er Coop Extra i samarbeid med Førde il Handball som står bak tilbodet for aldersgruppa 7 til 12 år.

- Vi har hatt god påmelding, og deltakarane har vist gode haldningar og har vore treningsvillige, seier Hilmar Gudlaugsson som har vore fagleg ansvarleg for det som har blitt ein tradisjon for Førde il Handball.

- Dette er eit flott tilbod for dei yngste, og vi legg vekt på mykje leik og moro, seier Gudlaugsson som også har hatt med seg nokre av 1. divisjonsspelarane som instruktørar på handballskulen.

Som tidlegare år går handballskulen over tre dagar av haustferien, og vart avslutta i Førdehuset onsdag ettermiddag.

- Vi håpar at deltakarane har hatt positive opplevingar, og kjem tilbake ved neste korsveg. For vi har mange tilbod i Førde-handballen, seier Gudlaugsson.

Tekst og foto: Stig Roger Eide


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.