SLUTTAR SOM SPORTSLEG LEIAR

Postet av Førde IL - Handball den 24. Jun 2019

Odd-Erik Gullaksen har bestemt å gje seg som leiar for sportsleg utval i Førde il Handball. – Etter så mange år, føler eg at det er på tide å gje meg, seier Gullaksen.

Førde il Handball si utvikling har vore sterkt prega av Odd-Erik Gullaksen sin innsats i svært mange år. Han har ikkje minst vore primus motor for satsinga på damelaget, og vart seinast for 14 dagar sidan heidra med årets handballpris på region Vest si samling i Bergen. 

Men no har den mangeårige krumtappen i Førde-handballen meddelt både spelarar, leiarar og dei største sponsorane at han vil gje seg. 

Ikkje dramatikk 

- Det er ikkje noko dramatikk i dette, og eg skal fullføre arbeidet mitt med tanke på den kommande sesongen. Og eg vil sjølvsagt vere ein del av handball-miljøet i Førde framover. For etter så mange år i dette miljøet, så har det blitt ein viktig del av meg. Men eg har i det siste kjent på at eg har forsaka ein del i meg sjølv, og no er tida inne for at desse sidene av meg blir prioriterte, seier Gullaksen. 

Gullaksen hadde gjennomgang med styret i Førde il Handball sist veka, og det vart då bestemt at Oddny Sønnesyn skal overta hans oppgåver på det sportslege område. 

Ho har i mange år vore både aktiv spelar og trenar for Førde il Handball, og vil gå inn i eit tett samarbeid på det sportslege saman med trenar Hilmar Gudlagsson. Dessutan vil ein del av Gullaksen sine arbeidsoppgåver bli fordelte på forskjellige styremedlemmer i handballgruppa. 

Det vert også jobba med å styrke deler av styret med ein eller to personar, som kan overta nokre av dei arveidsoppgåvene som Gullaksen tidlegare hadde ansvaret for. 

Oddny tek over

- Dette er ein ny situasjon for oss. Odd Erik Gullaksen har på mange måtar fiksa alt dette åleine i så mange år, og no blir det nok eindel fleire arbeidsoppgåver på oss i styret. Men det er vi budde på å ta på oss. Dessutan er det naturleg at trenar Hilmar Gudlaugsson vil få overført nokre av oppgåvene. Og ikkje minst er vi veldig glade for at Oddny Sønnesyn vil ta på seg det sportslege ansvaret for 1.divisjonslaget. Ho kjenner Førde-handballen svært godt, og vi er trygge på at dette er ei oppgåve ho vil takle på ein ypparleg måte, seier styreleiar Bernt Ove Berntsen.

 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline