SÅG VESLESØSTRA DEBUTERE BLANT SENIORANE

Postet av Førde IL - Handball den 16. Feb 2019

No har denne familien ein spelar i eliteserien, ein i 1. divisjon og ein i 3. divisjon. Snakk om handball-
familie.

I 3.divisjonskampen mellom Dale og Stryn fredag kveld fekk 16 år gamle Regine Boge Skadal debuten
sin på seniornivå, og på tribunen sat storesøstrene Kjerstin og Andrea Boge Solås og såg på.
-Kjekt å sjå at ho får prøve seg litt på seniornivået. Men synd at ikkje Stryn kunne gje dei meir
motstand, seier landslagspelaren Kjerstin Boge Solås (21).


Leia 16-0
For Dale vann kampen mot Stryn heile 32-6, etter å ha leia med imponerande 16-0 etter 1. omgang.
- Eg skulle sjølvsagt ha scora når storesøstrene mine såg på debutkampen min. Men eg fekk no laga
eit straffekast da, ler 16-åringen hjarteleg etter oppgjeret og blir gratulert med debuten av laget sin
toppscorar Amanda Holmen som scora heile 13 mål i kampen.

Mot Follo
Storesøstrene Kjerstin og Andrea får ei hektisk helg i samband med topphandball-helga i Førde. På
laurdag skal Kjerstin, saman med lagvenninnene på eliteserieklubben Tertnes, halde handballskule
for unge førdinarar. På søndag skal begge søstrene spele viktige seriekampar i Førdehuset. Først skal
storesøster Andrea (22) spele viktig 1. divisjonskamp mot Follo, medan Kjerstin (20) rett etter denne
kampen skal spele kamp om medalje i eliteserien.
-Eg håpar for vår del at det skal vere mogleg å slå Follo. Vi har tidlegare i år vist at vi er i stand til å
hamle opp med dei fleste i 1. divisjon. Trass i mange skader på medspelarane mine. Så vi får satse på
å lukke igjen målet, og gje utespelarane gode kontringssjansar, seier målvakta Andrea smilande.

Mot Skrim
Medan Kjerstin på sin plass håpar det skal vere mogleg å tukte botnlaget Skrim søndag kveld.
-Men Skrim har akkurat slått Larvik og er ikkje så svake som tabellen viser. Dei har dessutan fått ny
trenar, og det kan jo gje dei eit løft. Men eg har veldig lyst på medalje med Tertnes, og då må vi sikre
oss sigeren her i Førdehuset. Som Dale-jenter har vi Fjalerhallen som heimebane, men etter mange
år i Førde er dette også som ei god heimebane. Og med den stemninga som det brukar å vere her, så
lovar det godt, seier handball-søstrene frå Dale.


Kampar:
Søndag kl. 16.00: Førde-Follo, 1. divisjon
Søndag kl. 18.00: Tertnes-Skrim, eliteserien


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.