PLUTSELEG DUKKA LANDSLAGSSJEFEN OPP

Postet av Førde IL - Handball den 13. Feb 2019


Med ein noko overraskande 22-24siger mot Ålgård søndag tok Førde eit langt steg mot sikker plass i 1. divisjon. Og laget sine gode resultat den siste tiden har også gjort at Førde-spelaren Oda Vindheim er utteken til ny samling med juniorlandslaget.

-Så langt er eg berre reserve i troppen. Men skulle det komme fråfall, så kan det hende eg skal vere med på samlinga i Kristiansand neste helg. Men før den tid skal vi har stor handballhelg i Førde-huset med viktig 1. divisjonskamp mot Follo, og dessutan eit kjempeopplegg med eliteserieklubbane Tertnes og Skrim frå Kongsberg, seier Oda Vindheim føre storhelga i Førdehuset.

Thorir i hallen

Og sjølv om Oda Vindheim for andre gong i løpet av kort tid er utteken til samling med juniorlandslaget, så vedgår ho at ho vart noko overraska då sjefen for det norske damelandslaget for seniorar, Thorir Hergeirsson, dukka opp nede på parketten etter kampen mot Ålgård.

-No spelar dei fleste juniorlandslagsjentene med 1. divisjonsklubbar, og eg reknar med at landslagsleiinga av den grunn ser ein del av kampane våre. Men at Thorir Hergeirsson dukka opp under kampen mot Ålgård, skuldast nok like mykje at han kjenner trenaren vår, Hilmar Gudlaugsson. Men uansett så håpar eg at han såg at det vi gjorde mot Ålgård var ganske bra, ler Oda Vindheim som sjølv er noko overraska over kor mange poeng Førde har plukka gjennom sesongen.

-Vi har vore gjennom ein ganske spesiell skadesituasjon dette året, og likevel plukkar vi poeng i mange av kampane. Noko som skuldast at nye og unge spelarar får tillit, og har teke vare på sjansane dei har fått, sier Vindheim. Ho siktar til skadene til Maria Ullebust Oppedal, Marit Ova Bøyum, Elena Birgirsdottir og Emilie Myklebust Sande, samt at Margrete Mjåtveit har reist på studietur til Bali.


Nye posisjonar

-Og om kort tid reiser også Andrine Stølen på studietur.  Men dette betyr berre at nye får sjansen, smiler Vindheim som sjølv har fått prøvd seg i mange nye posisjonar i årets sesong i 1.divisjon.

- I år har eg gått frå å vere kantspelar til å bli brukt som både bakspelar og senter. OG det er veldig flott for meg å få testa meg ut i nye posisjonar. Eg trur det berre utviklar meg som spelar, seier den fotrappe junioren.

I oppgjeret mot Ålgård var Førde i føringa gjennom heile kampen, og Jeanette Øksenberg vart lagets toppscorar med åtte mål. Målvakta Isabela Maria Rosca vart kåra til Førde sin beste spelar av den lokale juryen.

Søndag ettermiddag klokka 16.00 spelar Førde heimekamp mot Follo i Førdehuset. Føre kampen ligg Follo på 4.plass, medan Førde ligg på 9.plassen.






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline