Må stå over kampen onsdag

Postet av Førde IL - Handball den 28. Jan 2020

Førde sin toppscorar, Birta Run Gretarsdottir (19), hadde håp om å vere speleklar til kampen mot Rælingen onsdag kveld. Men ankelskaden gjer at ho framleis må halde seg på sidelinja.

- Eg hadde håp om at eg skulle rekke Rælingen-kampen. Men etter at eg trakka over ved nyttår, og fekk strekk i to leddband i ankelen, så har det teke lenger tid å komme tilbake etter skaden enn det eg håpa på, seier den 19 år gamle islandske bakspelaren.  


Birta Run Gretarsdottir

  • Fødd: 20.02.2000. Posisjon: Bakspelar Tidlegare klubbar: HK (Island), Kongsvinger
    Utdanning: NTG Kongsvinger Jobb: Tusenfryd barnehage

Toppscorar

For etter at ho kom til Førde i haust, har ho teke 1. divisjonsnivået på ein svært god måte, og var heilt fram til siste kamp lagets toppscorar.

- Ja, det har gått eigentleg ganske godt. Eg reiste til Førde forbi eg ville ta eit steg sportsleg opp frå Kongsvinger. Og det har eg gjort. Treningsmiljøet i Førde er svært godt, og vi er ein flott gjeng sosialt. Så ingen tvil om at eg trivst svært godt. Sjølv om eg aller helst ville ha spelt alle kampane, seier Birta som faktisk ikkje har fått spele ein einaste kamp hittil i 2020.

- Eg håpar sjølvsagt på Flint-kampen på bortebane til helga, men det kan godt hende eg må stå over den også. Eg må berre ta den tida eg treng. Heldigvis har Jeanette Øksenberg komme tilbake, og samtidig spelar Maria Oppedal meir og meir no. Og husk at vi har slått Rælingen tidlegare, og gjer det gjerne ein gong til, smiler den islandske bakspelaren kvelden føre kampen mot Rælingen i Førdehuset.

Bordtennis-gull

Og klubbens islandske spelar kan meir enn å spele handball. Ho er nemleg også islandsk juniormeister i bordtennis, og var på det islandske juniorlandslaget i den ballidretten tidlegare.

- Heilt sidan eg var seks år har eg vore oppteken av idrett, og spesielt ballidrettar. Dei siste åra er det handballen som har fått mest merksemd, og eg stortrivst med å spele i 1. divisjon. Derfor håpar eg sjølvsagt at Førde skal halde seg i divisjonen dette året. Då treng vi å sanke poeng allereie mot Rælingen onsdag kveld. Så kom i Førdehuset du også, seier Birta Run Gretarsdottir og håpar den norske EM-suksessen for herre-landslaget vil gje resultat også for den lokale handballen.

- Eg håpar det kjem masse folk på tribunene i Førdehuset og at det kan hjelpe oss til siger, seier 19-åringen.

Kampen mot Rælingen startar 18.00 i Førde onsdag 29. januar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.