BLI KJENT MED…

Postet av Førde IL - Handball den 30. Sep 2019


  • Camilla Leikvoll
  • Fødd: 13.05.98. Frå: Fana, Bergen. Tidlegare klubbar: Kringlebotn, Bjarg, Fana, TIF Viking.
    Bustad: Førde. Jobb: Studerer ved Ingeniørskulen HVL.

- Eg har ikkje angra eit einaste sekund på at eg valde å flytte til Førde og spele 1. divisjon her, smiler Camilla Leikvoll.


Bergensjenta spelte i fjor for TIF Viking, og etter mange år for forskjellige klubbar i bergensområdet, var steget stort då ho valde å flytte til Førde.

- Eg var sjølvsagt litt usikker i starten. Men då Viking rykka ned til 2. divisjon i vår, tenkte eg at tida var moden for ei endring. Eg kjende nokre av spelarane på Førde frå tidlegare sesongar, og visste også at dei hadde eit veldig godt og aktivt støtte-apparat. Noko som har vore viktig for meg i den fasen eg har vore inne i, seier kantspelaren som i løpet av det siste året har drive opptrening etter korsband-operasjon.

 

Tilbake for fullt

- Eg øydela korsbandet mitt i mai 2018, og den første kne-operasjonen hadde eg i juli same året. Eg måtte også ha eit nytt inngrep noko seinare. Men no er eg tilbake så godt som for fullt. Eg har trent alternativt i lang tid, og no spelar eg omtrent 10 minutt i kvar omgang. Og eg merkar det går betre og betre. Så eg reknar med å prestere betre for kvar kamp utover, seier Leikvoll og ser optimitisk på opphaldet i Førde.

- Det er ein utruleg flott gjeng dette, og eg har det veldig godt her. Humøret både på treningane og utanfor er topp. No handlar det berre om at poenga skal komme etter kvart. Eg merka vi fekk ein boost då vi slo Skrim Kongsberg på heimebane sist. Så det betyr berre at vi går to nye poeng når Grane frå Arendal er motstandar i Førdehuset komande søndag, seier Leikvoll.

På kamp

Ho håpar derfor at publikum skal komme og støtte jentene i deira andre heimekamp i år.

- Eg veit at vi presterer betre når stemninga i Førdehuset er god. Vi såg det mot Skrim Kongsberg, og håpar på ein reprise kommande søndag. Så ta turen til Førdehuset DU også, er rådet frå Førde sin nye kantspelar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.