Berga uavgjort i thrilleren mot Grane Arendal

Postet av Førde IL - Handball den 29. Jan 2018

Firda: Førdes handballjenter kunne fort hamna på nedrykksplass, men unngjekk det med 23-23 mot Grane Arendal.

Førde tok poeng mot tabellnabo på heimebane

Berga poeng til slutt

Av: Ivar Bruvik Sætre, Firda

– Siger hadde vore fantastisk, men kampen sett under eitt skal vi vere nøgde med eitt poeng, seier kaptein Maria Ullebust Oppedal.

Førde-damene spelte seriekamp mot Grane Arendal på heimebane denne søndagen, den enda med 23–23 etter nokre nervepirrande sluttminutt.

Med uavgjort ligg Førde framleis to poeng framfor Grane Arendal på førstedivisjonstabellen, og ligg framleis éi plassering over nedrykksplass.

Hadde Førde tapt, ville laget bytta plassering med Grane Arendal og hamna på nedrykksplass.

Mista piffen

Førde opna offensivt, og begynte å leie med fleire mål tidleg i kampen. Men til pause stod det 12–12.

– Vi kjem sterkt inn i kampen. Vi spelar godt med offensivt forsvar og tar initiativ. Men det er slitsamt å spele så aggressivt heile kampen. Vi misser litt initiativet, blir litt passive og redde, seier Førde-trenar Kristinn Gudmundsson.

Ut i andreomgang tok sørlendingane styringa, før Førde henta seg inn til 23–23 få minutt før kampslutt. Og slik enda stillinga.

– Eg er nøgd med at vi tok oss saman og kom inn igjen i kampen. I vår situasjon er det dødsviktig at vi fekk poeng, seier han.

Kaptein Ullebust Oppedal meiner Førde fekk mest ut av uavgjort, ettersom Grane Arendal er meir desperate etter poeng.

Thriller for publikum

Men dei på tribunane fekk kanskje aller mest ut av kampen.

– Det var ein spennande kamp, så publikum fekk i alle fall valuta, seier Ullebust Oppedal.

Ho meiner Førde er i ein relativt komfortabel situasjon på tabellen.

– Vi ligg på plassen over nedrykk. Det er vi skal vere, om ikkje høgare. Vi har god sjanse mot alle laga, som vi viste då vi slo Aker førre helg, seier ho.

Maria og co. har åtte kampar igjen før serieslutt i april. Neste søndag møter dei Bergen-laget Viking TIF på heimebane.

https://www.firda.no/sport/for...




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.