Bortesiger 28-29 mot Aker Topphandball 21. januar!

Postet av Førde IL - Handball den 21. Jan 2018

Alle er superfornøgd med to poeng i bagasjen heim igjen til Førde! Med ein kjempeinnsats i forsvar der jentene kriga i frå seg og Andrea stengte buret, kunne det ikkje bli noko annet enn siger! Vi nyter sigeren og gleder oss samtidig til neste heimekamp komande søndag kl.14 i Førdehuset. Ser dykk der!



Presseklipp firda.no 21.08.2018:

Førde vann thriller-kamp!

Av Torvald Hjelden Sætrang

HANDBALL: Førde sin nye spelar Diana Kristin Sigmarsdòttir scora det siste målet og avgjorde 

Etter eit stygt tap heime mot tabbel-nabo Fjellhammer førre helg var Førde sitt kvinnelag i handball ute etter å reise kjerringa søndag kveld. Då var det Aker topphandball som sto på motsett banehalvdal og kampen i Njårdhallen skulle vise seg å bli langt jamnare enn førre helg.

Aker, som før dagens kamp låg på 6.-plass på tabellen, gav Førde kamp om sigeren heilt til sluttsignalet gjekk etter 60 minutt. Då var stillinga 28–29 og Førde kunne juble for to livsviktige poeng i det som ser ut til å bli ein spennande kamp om tilværet i 1. divisjon.

Strålande fornøgd

Sigeren gjer at Førde framleis ligg på trygg plass, to poeng føre Grane Arendal som vann sin kamp mot Gjøvik Vardal tidlegare på dagen. Nysigneringa Diana Kristin Sigmarsdòttir fekk æra av å score det avgjerande målet då ho like før slutt sto for scoringa som sørga for at det blei 28–29.

Trenar Kristinn Gudmundsson var strålande fornøgd etter den dramatiske kampen.

 – Det er dette som gjer handball så moro. I dag var det heilt fantastisk at vi fekk vippa kampen i vår favør. Vi viser at vi er levande og i dag er vi på i 60 minutt. Vi krigar oss til seier og det er eg nøgd med.

Trass i ein god prestasjon mot ein tøff motstandar ønsker ikkje Gudmundsson å friskmelde Førde.

 – Det er ei veke mellom kampane. Førre veke var vi elendige og prestasjonane svingar heile tida for laga i 1. divisjon. V må halde konsentrasjonen opp heile vegen. I kveld kan vi feire ein flott siger, så må vi jobbe hardt mot neste kamp heime mot Grane Arendal.

Forsvaret fungerte

Jeanette Øksenberg blei Førde sin toppscorar med heile åtte mål. Ho var naturleg nok fornøgd med eigen innsats.

– I dag var eg faktisk mest fornøgd med forsvarsspelet mitt. Forsvaret fungerte bra for heile laget i dag. Då eg får til forsvaret blir det også lettare framover på bana. Eg er fornøgd med eigen innsats og med å ha spelt 60 minutt.

Få minutt får slutt hadde Øksenberg moglegheita til å så godt som avgjere kampen. Frå 7-meteren kunne ho auke leiinga til tre mål, men bomma og Aker gjekk rett opp og scora.

– Då blei eg skikkeleg irritert. I mitt hovud er straffekast enkle mål og dei skal eg sette. Heldigvis klarte eg å nullstille meg etter bommen og fokuserte på å stoppe dei i forsvar. Då vi klarte å stoppe det siste angrepet deira og kampen endeleg vippa i vårt favør var eg både letta og kjempeglad. Ingen trudde at vi kunne vinne denne kampen bortsett frå oss og eg merka på turen hit at jentene var gira.

https://www.firda.no/forde/han...





Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.