Er du vår nye sportslege leiar?
Postet av Førde IL - Handball den 30. Mar 2025
Sportsleg leiar (30%) – Førde IL Handball
Vil du vere med å forme framtida til Førde IL?
Vi søkjer ein engasjert og dyktig sportsleg leiar som ønskjer å bidra til utviklinga av klubbens sportslege profil. Som sportsleg leiar vil du ha ei nøkkelrolle i å sikre at Førde IL held fram som ein klubb der både barn, ungdom og vaksne kan utfalde seg og utvikle potensialet sitt. Stillingsprosenten er 30%, og stillinga gir ein fleksibel arbeidskvardag med varierte oppgåver.
Ansvarsområde:
- Rekruttere kvalifiserte trenarar til alle lag i klubben.
- Fordele treningstider raskt og effektivt.
- Samarbeide med styret og sportsleg utval for å sette sportslege mål.
- Utvikle, implementere og revidere klubbens sportslege plan.
- Rettleie trenarar i planarbeid og fagleg utvikling.
-Arrangere trenarforum og møte for erfaringsutveksling, sikre kvalitet blant trenarar, og bidra til spelarutvikling på alle nivå.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Relevant erfaring frå idrettsorganisasjonar eller liknande roller.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Strukturert og målretta.
- Lidenskap for idrett og spelarutvikling.
- Evne til å inspirere og motivere andre.
Vi tilbyr:
- Ei spennande og utfordrande stilling i eit engasjerande idrettsmiljø.
- Moglegheit til å påverke klubbens sportslege retning og utvikling.
- Eit inkluderande fellesskap med dedikerte frivillige og medarbeidarar.
- Løn etter avtale
Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med sportsleg leiar:
Øyvind Vraalsen tlf 92426147 e-post: oyvind.vraalsen@gmail.com
Søknadsfrist: 21.april 2025
Søknad og CV sendast til: Styret v/ Linn Marie Solheim-Sunde e-post: linnmariesolheimsunde@gmail.com
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde IL - Handball

Toppkamp i Førdehuset
22.03.2025

Tuva på nok en LK06 samling
22.03.2025

Førde J12 på Fjordcup
03.06.2024

Avslutta god sesong med to nye poeng
21.04.2024