Årsmøte

Postet av Førde IL - Handball den 26. Feb 2024




Åsane for sterke i siste kampen til Estelle

Postet av Førde IL - Handball den 22. Feb 2024

K2: Åsane-Førde 33-22 (14-12): Førde hadde ingenting å tape, sa trenar Øyvind Indrebø før kampen mot Åsane torsdag kveld. Og jentene våre viste i første omgang at dei ikkje ville gi seriefavoritten poenga utan at dei måtte slite for det. Ein god Førde-periode gjorde at vi gjekk frå 11-7 til 11-11. Då tok Åsane time out. Pauseresulatet var 14-12 til bergensarane.

I andre omgang vart det større skilnad. Rett nok scora vi først ved Annette Kaalstad, men dei neste 11 minutta kom det ni mål i vårt bur, vi greidde berre å kvittere for eitt av dei. Dermed var vi ni mål bak, og håpet om poeng var ikkje lenger realistisk. Men jentene fullførte godt, og det enda med 33-22.

I ein annan kamp torsdag vann Bjørnar 29-20 over Tertnes og passerte oss på tabellen. Men vi får truleg to poeng for den avlyste Tertnes-kampen og vil då ta tilbake tredjeplassen.

Trenar Øyvind Indrebø har denne kommentaren til kampen.

- Åsane vart eit nummer for store for oss i kveld. Vi hadde ein god første omgang der vi fylgde kampplanen . Så får vi ein svært dårleg start på 2.omgang, der kampen blir avgjort. Då blir vi for passive framme, og tek ikkje duellane bakover. Så plussen i dag er prestasjon og innsats i første omgang, så skal vi jobbe med å stå tøffare opp i periodar der det buttar i mot. Vi har vore gode på det i år, men i kveld såg vi litt den same tendensen som siste kampen før jul heime – mot Åsane. 

- No er det tre veker til neste kamp, og det er heime mot Reistad. Eit Reistad som har ei god formutvikling, så vi må bruke vekene godt for å vere godt førebudde. Elles var kampen i kveld Estelle sin siste kamp i Førdedrakta. Vi har konkludert med å avslutte samarbeidet no, og ho reiser difor heim til Sverige etter kampen i dag. Støtteapparatet og spelarane vil takke Estelle for hennar bidrag med profesjonalitet inn i laget.

Måla til Førde:  Annette Kaalstad 5 (3 på straffe), Oda Vindheim 3, Kinga Lemiech 3, Berenice Olga Halvorsen 2, Marie Erichsen Myklebust 2, Estelle Ahlquist Lundh 2, Vilje Sande-Neset 2, Alexandra Afloarei 2, Tuva Tefre Kalstad 1.




Øyvind: Ingenting å tape

Postet av Førde IL - Handball den 21. Feb 2024

Torsdag går turen til Bergen for å møte opprykksfavoritt Åsane. Vi slo det andre topplaget, Gneist, i Bergen, så kvifor ikkje ta Åsane også? (Biletet er teke etter den kampen). Rett nok tapte vi klart mot Åsane på heimebane, men som sagt før: Handball er ikkje matematikk, kvar kamp lever sitt eige liv.

Trenar Øyvind Indrebø ser fram til kampen, etter at heimekampen mot Tertnes vart avlyst.

- Torsdag kveld møter vi Åsane borte. Eit lag som i forhold til poengtap totalt sett leier serien, og som derigjennom kjempar om opprykk.  Og dei har dei siste kampane vore suverene. Men utfordringar er til for å løysast. Vi kan i siste del av sesongen ha fokus på å ta nye steg prestasjonsmessig, utan å tenke krav om å måtte vinne. Så dette er ei fin utfordring for oss i forhold til å utvikle laget. Åsane er klare favorittar, der vi har ingenting å tape, men alt å vinne. Jentene gler seg til denne type utfordringar.

 Når det gjeld den avlyset kampen Førde-Tertnes: Handballforbundet har beslutta at Tertnes ikkje får godkjent grunnen til å ikkje møte til kamp sist laurdag, så kampen blir sett til 0 - 0 og to poeng til Førde. Tertnes kan rett nok anke denne beslutninga. Fristen for å anke er 10 dagar frå og med i dag. Saka er ikkje endeleg avgjort før fristen for å anke er ute.




Kampen er avlyst

Postet av Førde IL - Handball den 15. Feb 2024

Det blir ikkje kamp mot Tertnes laurdag 17.2. Tertnes har sjuke spelarar og har bede handballforbundet om å få utsett kampen. No blir det opp til handballforbundet om dei vil sette opp kampen seinare eller gi Førde to poeng.

Etter ein god siger over BSI sist søndag, er eit anna Bergenslag motstandar i Førdehuset laurdag 17. februar klokka 16. Vi slo Tertnes 32-19 i Bergen, vi er på tredjeplass med 20 poeng, medan Tertnes er heilt sist med seks poeng, så det kan i utgangspunktet sjå ut som lett match for strekspelar Alexandra Afloarei (biletet) og resten av laget vårt. Alex er veteranen i laget og har gjort ein kjempejobb denne sesongen med godt forsvarsarbeid og med viktige mål frå strekposisjon. Men ho og resten av laget veit at to poeng ikkje kan innkasserast basert på tidlegare oppgjer. Jobben må gjerast i løpet av 60 minutt komande laurdag.

Og trenar Øyvind Indrebø er klar på at dei ikkje undervurderer Tertnes.


- For eit år sidan møtte vi Tertnes borte i ein nedrykkskamp, og spelte uavgjort. Det var eit kjærkome poeng den gongen.  Situasjonen er litt endra i år. Vi kjempar no om ei plassering i øvre halvdel av tabellen. Dette til tross for skadar/sjukdom hjå sentrale spelarar. 

- Vi møter eit Tertnes som kjem frå ein kamp mot serieleiar Gneist onsdag, der dei hadde føringa i store delar av kampen. Gjennom dette utfordra dei serieleiaren. Rapportane frå Bergen er at Tertnes var både gode og lure. Så jentene er førebudde på ein «travel» kamp. Men vi kjenner på at vi har ferdigheitene til å kunne slå Tertnes. Så gjenstår det å utøve det i praksis. Sjåast på kamp!





Solid siger over BSI

Postet av Førde IL - Handball den 11. Feb 2024

D2: Førde-BSI 35-26 (19-9): Oda Vindheim (biletet) vart kåra til vår beste spelar då vi kapra to nye poeng i Førdehuset. Det skjedde etter ein veldig god første omgang. Rett nok kom BSI best i gang og hadde leiing 2-1, men så tok våre jenter over. Og gledeleg nok var det kantspelarane våre, Tuva Tefre Kalstad og Amalie Ness, som scora dei fleste av måla då vi opparbeidde ei solid leiing. 

Ved pause var vi ti mål føre, og dermed skjedde det som vi har sett før når vi har hatt ei klar leiing: andre omgang vart ikkje på langt nær like god. BSI kom nærare og knappa inn til seks mål bak, men dei to poenga var aldri i fare. Til slutt vart det nimålssiger.

Trenar Øyvind Indrebø var veldig godt nøgd med det som vart prestert før pause.

- Då var vi veldig gode. Etter pause var jentene meir slurvete og ukonsentrerte, og det førde til feil som BSI utnytta. Men kampen sett under eitt er eg godt nøgd, og det er fint å kunne ta to poeng etter ein pause på fire veker.

Med dei to poenga passerte Førde tre lag på tabellen og ligg på tredjeplass bak Gneist og Åsane.

Måla til Førde: Kinga Lemiech 8, Tuva Tefre Kalstad 5, Estelle Ahlquist Lundh 5,Alexandra Afloarei 4, Annette Kaalstad 3 (2 på straffe), Oda Vindheim 3, Vilje Sande-Neset 3, Amalie Haugsbø Ness 2, Marie Erichsen Myklebust 2.




Kampgira jenter klare mot BSI

Postet av Førde IL - Handball den 8. Feb 2024

Dette biletet vart teke etter at vi vann 40-27 på bortebane mot BSI 21. oktober. Søndag 11. februar kjem studentlaget til Førdehuset, og då er sjølvsagt målet to nye poeng. Då har det gått fire veker sidan forrige seriekamp, borte mot Rygge, som vi slo med fem mål. Sidan den gong har nokre lag passert oss på tabellen. Vi er nummer seks med våre 18 poeng. Med siger mot BSI vil vi avansere til tredjeplass.

Trenar Øyvind Indrebø meiner det ikkje er berre å spasere seg til siger mot BSI, som er nummer ti med åtte poeng:

- Etter eit lengre opphald med kampar, er det endeleg match igjen. Så møtet mot BSI i Førdehuset søndag ser jentene veldig fram til. I kamppausen har vi hatt litt utfordringar med sjukdom og skadar. Men det er svært gledelig at vi inn mot kampen har hatt og har gode økter i forhold til kvalitet – og alle er per tid «fit fot fight». 

- Vi møter eit BSI som eg meiner er betre enn tabellplasseringa skulle tilseie. Det er eit studentlag som spelar ein fartsfylt, fin handball, der vi må vere «på» for å henge med i svingane. Samtidig har eg trua på at med dei kvalitetane vi har i laget, er det mogeleg å hamle opp med BSI. Men då fordrar det at vi leverer opp mot det vi er gode for. 

- Eg håpar og trur at vi kan mobilisere den åttande spelaren på bana søndag,  gjennom eit solid og entusiastisk heimepublikum. Det set jentene ufatteleg pris på. Vi sjåast i Førdehuset søndag kl 1500!




Så kom første tapet for herrelaget

Postet av Førde IL - Handball den 4. Feb 2024

H4 Førde-Kjøkkelvik 27-28 (14-13): Etter ni strake topoengarar vart det eittmålstap heime mot Kjøkkelvik. Bergenslaget kom frå eit tap mot Florø laurdag, men viste seg å vere ein vanskeleg motstandar for våre karar i denne kampen. 13 mål frå Daniel Kvidahl (biletet) var ikkje nok til to poeng. 

Vi mangla Lars Engen Skadal, men lagleiar Leif Otto Olsen meiner det var fleire grunnar til tapet.

- Eit surt tap, det var slik at vi tapte i alle ledd. Få keeperedningar, dårleg forsvar som står for lenge og ser på at Kjøkkelvik gjer seg klare til å avslutte. Dei gjorde ingenting med det, og det skjedde gang på gang. Heller ikkje i angrepet fungerte det godt, det vart for mykje einmannsspel, dei skulle gjere det sjølv med påfølgande dårlege skot.

Kjøkkelvik var i føringa stort sett heile kampen, med unnatak av slutten av første omgang, då vi greidde å vere eitt mål føre til pause. Mot slutten av andre omgang var dei oppe i tremålsleiing, men vi greidde å redusere til 27-28 før sluttsignalet gjekk.

Mål for Førde: Daniel Kvidahl 13 (1 på straffe), Jakub Rycerz 5, Thomas Niiranen Hamre 3, Ole Kristian Gjerstad 2, Øyvind Vraalsen 2, Kristian Henden 1,Jonas Espeseth.